下载 PDF
返回故事列表

Den dagen eg drog heimanfrå for å dra til byen 离家进城的那一天

作者 Lesley Koyi, Ursula Nafula

插图 Brian Wambi

译文 Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

配音 Kristofer Olai Ravn Stavseng

语言 新挪威语

级别 3级

将整故事念出来

播放速度

自动念故事


Den vesle busstasjonen i landsbyen min var travel og stappfull av bussar. På bakken var det fleire ting som skulle lastast. Medhjelparane ropte namna på stadane dit bussane gjekk.

在我生活的村庄里,有一个小小的大巴车站。大巴车站虽然小,但是人来车往,非常热闹,地上常常堆满了装载的货物,售票员叫喊着大巴车开往的方向。


«Byen! Byen! Vestover!» høyrde eg ein medhjelpar ropa. Det var bussen eg måtte ta.

我听到售票员喊“进城啦!进城啦!往西去!”这就是我要乘坐的大巴车。


Bussen til byen var nesten full, men fleire folk dytta for å koma om bord. Nokre plasserte bagasjen sin i bagasjerommet under bussen. Andre la han på hyllene inne i bussen.

进城的大巴车几乎坐满了,但是人们还是不停地往里面挤。一些人把行李放在车顶,还有一些人把行李放在车厢里的架子上。


Nye passasjerar klamra seg til billettane sine medan dei såg etter ein stad å sitja sidan det var trongt om plassen. Kvinner med unge born la til rette for dei så dei skulle få det behageleg under den lange reisa.

刚上车的乘客们紧紧地抓着他们的车票,在拥挤的车厢里寻找座位,带着小孩的妇女们都坐得舒舒服服的。


Eg pressa meg inn ved sida av eit vindauge. Personen som sat ved sida av meg, heldt hardt om ein grøn plastpose. Han hadde på seg gamle sandalar, ein utsliten frakk, og han såg nervøs ut.

我挤到了窗边的一个座位里。旁边的乘客紧紧地抓着一个绿色的塑料包裹。他穿着破旧的凉鞋和外套,看起来很紧张。


Eg såg ut av bussen og innsåg at eg var i ferd med å forlata landsbyen min, staden der eg hadde vakse opp. Eg skulle dra til den store byen.

我朝窗外看去,这才意识到,我正在离开我长大的村庄,我要进城了!


Lastinga av bagasjen var ferdig, og alle passasjerane hadde sett seg. Gateseljarar pressa seg enno inn i bussen for å selja varene sine til passasjerane. Alle ropte namna på det dei hadde til sals. Eg syntest orda høyrdest merkelege ut.

货物都装载完了,乘客们都坐好了。小商贩们还在努力地挤到车厢里,向乘客们大声叫卖着货物。他们的话听起来怪好笑的。


Nokre få passasjerar kjøpte noko å drikka, andre kjøpte små snacks som dei byrja å tygga på. Dei som ikkje hadde noko pengar, som eg, berre såg på.

有一些乘客买了饮料,还有一些乘客买了零食,正准备拆开来吃。像我一样没有钱的人只能看着。


Desse aktivitetane vart avbrotne av tutinga til bussen, eit teikn på at vi var klare til å dra. Ein medhjelpar ropte at gateseljarane måtte koma seg ut.

大巴车滴滴叫了两声,要开了,小商贩的活动戛然而止。售票员喊着,赶他们下车。


Gateseljarar dytta kvarandre for å koma seg ut av bussen. Nokre gav tilbake vekslepengar til dei reisande. Andre freista i siste liten å selja nokre fleire varer.

小商贩们推推搡搡下了车。一些人还在忙着找零钱,还有一些人赖着想最后再做点生意。


I det bussen forlét busstasjonen, stira eg ut av vindauget. Eg lurte på om eg nokosinne skulle koma tilbake til landsbyen min igjen.

大巴车缓缓离开了车站,我看着窗外,不知道今后会不会有机会回来了。


Etter kvart som reisa heldt fram, vart det veldig varmt i bussen. Eg lukka auga og håpte å få sova.

旅程渐渐展开,车厢里慢慢热了起来,我闭上眼睛,想小睡一会儿。


Men tankane mine vandra heim. Kjem mor mi til å verta trygg? Kjem kaninane mine til å innbringe noko pengar? Kjem bror min til å hugsa å vatna dei nyutsprungne trea mine?

但我的思绪却飞回了家。我的妈妈安全吗?我的兔子会卖了赚钱吗?我的弟弟会帮着给小树苗浇水吗?


På vegen lærte eg meg utanåt namnet på staden i den store byen der onkelen min budde. Eg mumla enno då eg fall i søvn.

在路上,我努力记住我叔叔在城市里的地址。我迷迷糊糊地说着地址,沉沉地睡去。


Ni timar seinare vakna eg av høglydt banking og roping etter passasjerar som skulle tilbake til landsbyen min. Eg greip fatt i den vesle veska mi og hoppa ut av bussen.

过了九个小时,我被售票员的叫喊声吵醒了,他在喊乘客坐车回村庄。我一把抓住我的包,跳下了车。


Bussen som skulle tilbake, vart fylt opp fort. Det viktigaste for meg no var å byrja å leita etter huset til onkelen min.

回程的大巴车很快就坐满了,不久就要开回东边的村庄去了。对我来说,现在最重要的事情就是找到我叔叔的家。


作者: Lesley Koyi, Ursula Nafula
插图: Brian Wambi
译文: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
配音: Kristofer Olai Ravn Stavseng
语言: 新挪威语
级别: 3级
出处: 原文来自非洲故事书The day I left home for the city
共享创意授权条款
本着作系采用共享创意 署名 4.0 未本地化版本授权条款授权。
选项
返回故事列表 下载 PDF