下载 PDF
返回故事列表

Sakimas song 萨可满的歌声

作者 Ursula Nafula

插图 Peris Wachuka

译文 Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

配音 Kristofer Olai Ravn Stavseng

语言 新挪威语

级别 3级

将整故事念出来

播放速度

自动念故事


Sakima budde saman med foreldra sine og si fire år gamle syster. Dei budde på eigedomen til ein rik mann. Hytta deira hadde stråtak og låg ved enden av ei rad med tre.

萨可满和他的父母,还有四岁的妹妹住在一起,他们住在一个富人的土地上,他们的茅草屋在一排大树的后面。


Då Sakima var tre år gammal, vart han sjuk og miste synet. Sakima var ein gut med mange talent.

萨可满三岁的时候,生了一场大病,从此,萨可满就看不见了,其实萨可满是一个非常有天赋的孩子。


Sakima kunne mange ting som andre seksåringar ikkje kunne. Til dømes kunne han sitja med eldre landsbymedlemmar og diskutera viktige saker.

萨可满今年六岁,他会做很多同龄的男孩不会做的事情,比如,萨可满能和村里的老人坐在一起讨论重要的事情。


Sakima sine foreldre jobba i huset til den rike mannen. Dei drog tidleg om morgonen og kom tilbake seint på kvelden. Sakima vart igjen saman med veslesyster si.

萨可满的父母在富人的家里工作。他们每天早出晚归,萨可满就和妹妹呆在家里。


Sakima elska å synga songar. Ein dag spurde mor hans han: «Kor har du lært desse songane, Sakima?»

萨可满很喜欢唱歌。有一天,他的妈妈问他:“萨可满,你从哪儿学了这些歌?”


Sakima svara: «Dei kjem berre, mamma. Eg høyrer dei i hovudet mitt, og så syng eg.»

萨可满回答说:“它们就这样出现在我的脑海里,我想到了这些歌,就把它们唱了出来。”


Sakima likte å synga for veslesyster si, særleg viss ho var svolten. Syster hans brukte å høyra på at han song yndlingssongen sin. Ho rørde seg til den lindrande låten.

萨可满很喜欢给他的妹妹唱歌,特别是她肚子饿的时候。妹妹听着萨可满唱他最喜欢的歌,跟着甜美的歌声摆动起来。


«Kan du synga han igjen og igjen, Sakima?» brukte syster hans å be han. Sakima gjorde som hun sa og song han igjen og igjen.

萨可满的妹妹经常求他:“再唱一次吧!”萨可满唱了一遍又一遍。


Ein kveld då foreldra hans kom heim, var dei veldig stille. Sakima visste at noko var gale.

有一天晚上,萨可满的父母回到家以后一句话也不说。萨可满知道一定发生了什么不好的事情。


«Kva er i vegen, mamma, pappa?» spurde Sakima. Sakima fekk vita at sonen til den rike mannen var borte. Mannen var veldig lei seg og einsam.

萨可满问爸爸妈妈发生了什么事,他这才知道,原来富人的儿子失踪了,富人孤单一人,很伤心。


«Eg kan synga for han. Kanskje han vert glad igjen», sa Sakima til foreldra sine. Men foreldra hans avfeia han. «Han er veldig rik. Du er berre ein blind gut. Trur du songen din kjem til å hjelpa han?»

萨可满对父母说:“我可以给他唱歌,这样他就会高兴起来了。”但是萨可满的父母不喜欢这个主意:“他很有钱,而你只是一个看不见的小男孩。你以为你的歌声会帮到他吗?”


Likevel gav ikkje Sakima opp. Veslesyster hans støtta han. Ho sa: «Songane til Sakima er lindrande når eg er svolten. Dei kjem til å verka lindrande på den rike mannen òg.»

但是萨可满没有放弃,他的妹妹也鼓励他。她说:“萨可满的歌声能赶走饥饿,他肯定也能安慰富人。”


Neste dag bad Sakima veslesyster si om å leia han til huset til den rike mannen.

第二天,萨可满让他的妹妹带他去富人的房子。


Han stod nedanfor eit stort vindauge og byrja å synga favorittsongen sin. Sakte byrja hovudet til den rike mannen å visa seg gjennom det store vindauget.

他站在一扇大窗户的下面,开始唱他最喜欢的歌。慢慢的,富人的脑袋从窗户里伸出来。


Arbeidarane stoppa det dei heldt på med. Dei høyrde på den vene songen til Sakima. Men éin mann sa: «Ingen har vore i stand til å trøysta sjefen. Trur denne blinde guten at han kan trøysta han?»

工人们停下了工作。他们仔细地听着萨可满唱歌。有一个人说:“从来没有人能安慰老板,这个看不见的男孩觉得他可以做到吗?”


Sakima var ferdig med å synga songen og snudde seg for å dra. Men den rike mannen skunda seg ut og sa: «Ver så snill og syng igjen.»

萨可满唱完了,准备离开。富人跑出来,说:“请再唱一遍吧!”


I same augneblink kom det to menn berande på ei båre. Dei hadde funne sonen til den rike mannen banka opp og forlaten i vegkanten.

就在那时,两个人抬着担架走来了,担架上是富人的儿子!他们发现这个人被打得面目全非,躺在路边。


Den rike mannen var veldig glad for å sjå sonen sin igjen. Han lønte Sakima for at han trøysta han. Han tok sonen sin og Sakima med til sjukehuset, slik at Sakima kunne få synet tilbake.

富人很高兴儿子找回来了。为了感谢萨可满安慰他,他把萨可满和他的儿子一起送到了医院,萨可满很快就会恢复视力了。


作者: Ursula Nafula
插图: Peris Wachuka
译文: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
配音: Kristofer Olai Ravn Stavseng
语言: 新挪威语
级别: 3级
出处: 原文来自非洲故事书Sakima's song
共享创意授权条款
本着作系采用共享创意 署名 4.0 未本地化版本授权条款授权。
选项
返回故事列表 下载 PDF