下载 PDF
返回故事列表

Nozibele og dei tre hårstråa 诺孜贝儿和三根头发

作者 Tessa Welch

插图 Wiehan de Jager

译文 Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

配音 Kristofer Olai Ravn Stavseng

语言 新挪威语

级别 3级

将整故事念出来

播放速度

自动念故事


For lenge, lenge sidan gjekk tre jenter ut for å samla ved.

很久很久以前,有三个女孩,她们一起外出找柴火。


Det var ein varm dag, så dei gjekk ned til elva for å symja. Dei leikte og plaska og sumde i vatnet.

天很热,她们跳下河游了个泳。她们一边游泳,一边嬉戏,溅出很多水花。


Plutseleg merka dei at det var vorte seint. Dei skunda seg tilbake til landsbyen.

突然,她们意识到天已经很晚了,匆匆忙忙赶回村子。


Då dei var nesten heime, la Nozibele handa på halsen. Ho hadde gløymt halsbandet! «Ver så snill å dra tilbake saman med meg!» trygla ho veninnene sine. Men veninnene hennar sa at det var for seint.

当她们快到家的时候,诺孜贝儿摸了摸她的脖子:她把项链落在了外面。于是她请求她的朋友们:“和我一起回去找找吧!”但她的朋友们都说太晚了。


Så Nozibele gjekk tilbake til elva åleine. Ho fann halsbandet og skunda seg heim. Men ho gjekk seg vill i mørket.

诺孜贝儿一个人回到河边,一找到了项链,就赶忙回家,但天太黑了,她迷路了。


I det fjerne såg ho lys som kom frå ei hytte. Ho sprang mot hytta og banka på døra.

她远远地看见有个小木屋,木屋里有一丝光亮。她跑到木屋门口,敲了敲门。


Så forundra ho vart då det var ein hund som opna døra og sa: «Kva er det du vil?» «Eg har gått meg vill og treng ein stad å sova», sa Nozibele. «Kom inn, elles bit eg deg!» sa hunden. Så Nozibele gjekk inn.

诺孜贝儿吃了一惊,开门的是一只会说话的狗:“你来干嘛?”诺孜贝儿说:“我迷路了,我要找个地方睡觉。”狗回答说:“进来吧,不然我就咬你!”然后诺孜贝儿就进了屋。


Då sa hunden: «Lag mat til meg!» «Men eg har aldri laga mat til ein hund før», svara ho. «Lag mat, elles bit eg deg!» sa hunden. Så Nozibele laga litt mat til hunden.

狗说:“给我做饭!”诺孜贝儿回答说:“但我从来没有给狗做过饭。”狗说:“快做饭,不然我就咬你。”诺孜贝儿没办法,只能给狗做了一些吃的。


Då sa hunden: «Rei opp senga for meg!» Nozibele svara: «Eg har aldri reidd opp senga for ein hund.» «Rei opp senga, elles bit eg deg!» sa hunden. Så Nozibele reidde opp senga.

狗说:“给我铺床!”诺孜贝儿回答说:“但我从来没有给狗铺过床。”狗说:“快铺床,不然我就咬你。”诺孜贝儿没办法,只能给狗铺了床。


Kvar dag måtte ho laga mat og feia og gjera reint for hunden. Så ein dag sa hunden: «Nozibele, i dag må eg vitja nokre vener. Fei huset, lag mat og gjer reint før eg kjem tilbake.»

诺孜贝儿每天都要给狗做饭,打扫屋子,洗衣服。有一天,狗说:“诺孜贝儿,我今天要出门见朋友。在我回来之前,你要打扫好屋子,做好饭,洗好衣服。”


Så snart hunden var dregen, tok Nozibele tre hårstrå frå hovudet sitt. Ho la eitt hårstrå under senga, eitt bak døra og eitt i innhegninga. Så sprang ho heim så fort ho orka.

狗一走,诺孜贝儿就从头上拔了三根头发下来。她把一根头发放在床下,一根放在门背后,还有一根放在篱笆上。然后诺孜贝儿用尽全力跑回了家。


Då hunden kom tilbake, leitte han etter Nozibele. «Nozibele, kor er du?» ropte han. «Eg er her, under senga», sa det første hårstrået. «Eg er her, bak døra», sa det andre hårstrået. «Eg er her, i innhegninga», sa det tredje hårstrået.

当狗回到家的时候,它开始找诺孜贝儿:“诺孜贝儿,你在哪里?”第一根头发说:“我在这儿,在床底下。”第二根头发说:“我在这儿,在门背后。”第三根头发说:“我在这儿,在篱笆上。”


Då skjønte hunden at Nozibele hadde lurt han. Så han sprang og sprang heile vegen til landsbyen. Men der venta brørne til Nozibele med store kjeppar. Hunden snudde seg og sprang bort, og han har ikkje vorte sett sidan.

狗明白了诺孜贝儿耍的花招。它一路跑到诺孜贝儿的村庄,但是诺孜贝儿的兄弟们正拿着棍子等着它呢!狗见状不妙,赶紧跑开了,从此再也没人见过它。


作者: Tessa Welch
插图: Wiehan de Jager
译文: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
配音: Kristofer Olai Ravn Stavseng
语言: 新挪威语
级别: 3级
出处: 原文来自非洲故事书Nozibele and the three hairs
共享创意授权条款
本着作系采用共享创意 署名 3.0 未本地化版本授权条款授权。
选项
返回故事列表 下载 PDF