下载 PDF
返回故事列表

Eselbarnet 驴孩子

作者 Lindiwe Matshikiza

插图 Meghan Judge

译文 Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

配音 Kristofer Olai Ravn Stavseng

语言 新挪威语

级别 3级

将整故事念出来

播放速度

自动念故事


Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne.

有个女孩最先发现了远处有个奇怪的身影。


Etter kvart som skikkelsen kom nærare, såg ho at det var ei høggravid kvinne.

那个身影越靠越近,她看清楚了,那是一个快生孩子的妇女。


Sjenert, men modig, gjekk den vesle jenta nærare kvinna. «Vi må halda på henne her hos oss», bestemte dei som var med den vesle jenta. «Vi skal verna henne og barnet hennar.»

女孩有点儿害羞,但她还是勇敢地走上前去。和女孩随行的人们说:“我们必须和她呆在一起,我们必须保护她和她的孩子。”


Barnet var snart på veg. «Trykk!» «Hent pledd!» «Vatn!» «Tryyyykk!»

孩子很快就要降生了。“用力啊!”“快拿毯子来!”“水!”“再用点力!”


Men då dei fekk sjå babyen, veik alle tilbake i sjokk. «Eit esel?»

当他们看到孩子时,所有人都吓了一跳,“一头驴?”


Alle saman byrja å krangla. «Vi sa vi skulle verna mor og barn, og det skal vi gjera», sa nokon. «Men dei kjem til å bringa ulukke!» sa andre.

大家七嘴八舌吵起来。一些人说:“我们说过要保护母亲和孩子的,我们必须这样做。”但是还有一些人反驳说:“但是他们会给我们带来厄运。”


Og slik var det at kvinna vart åleine igjen. Ho lurte på kva ho skulle gjera med dette rare barnet. Ho lurte på kva ho skulle gjera med seg sjølv.

妇女发现自己又孤零零一人了。她不知道该拿这个奇怪的孩子怎么办,她也不知道自己该怎么办。


Men til slutt godtok ho at han var barnet hennar, og at ho var mor hans.

最后,她决定接受这个孩子,做他的妈妈。


Viss berre barnet hadde halde på den vesle storleiken, hadde alt kanskje vore annleis. Men eselbarnet voks og voks, heilt til han ikkje lenger fekk plass på ryggen til mora. Og uansett kor hardt han freista, klarte han ikkje å oppføra seg som eit menneske. Mor hans var ofte sliten og frustrert. Nokre gongar sette ho han til å gjera arbeid som var meint for dyr.

如果这个孩子一直这般大小,不长大的话,一切都会变得不一样。但是这个驴孩子越长越大,现在他再也不能趴在妈妈的背上。无论他多么努力,他始终不能像人类一样。他的妈妈累了,放弃了。有时候,她让他做一些动物会做的工作。


Esel vart fylt av forvirring og sinne. Han kunne ikkje gjera ditt, og han kunne ikkje gjera datt. Han kunne ikkje vera på éin måte, og han kunne ikkje vera på ein annan måte. Han vart så sint at han ein dag sparka ned huset til mor si.

驴孩子感到迷茫,也很生气。他这个也不能做,那个也不能做。他不能这样,也不能那样。有一天,他太生气了,一脚把他的妈妈踹到地上。


Esel skamma seg. Han byrja å springa vekk så fort han kunne.

驴孩子羞愧极了,他逃跑了,跑得越远越好。


Når han hadde slutta å springa, var det vorte kveld, og Esel hadde gått seg vill. «Hi ha», kviskra han inn i mørket. «Hi ha?» lydde ekkoet. Han var åleine. Han krøkte seg saman til ein liten ball og fall i ein djup og forstyrra søvn.

当他停下来的时候,天已经黑了,驴孩子迷路了。他在黑暗里哼哼,“咴咴”,黑暗中传来了回声,“咴咴”。他孤零零的一个人,卷成了一团,心中充满烦恼,沉沉地睡去。


Esel vakna opp til ein merkeleg gammal mann som stira ned på han. Han såg inn i auga til den gamle mannen og byrja å kjenna ein snev av håp.

驴孩子醒了,他发现有个老人低头盯着他。他看着老人的眼睛,感觉到了一丝希望。


Esel drog for å bu med den gamle mannen, som lærte han mange ulike måtar å overleva på. Esel lytta og lærte, og det gjorde den gamle mannen òg. Dei hjelpte kvarandre, og dei lo saman.

驴孩子和老人住在一起,老人教会他很多生存的本领。驴孩子认真地听着,学得很快。老人也学了很多。他们互相帮助,遇到开心的事情就一起哈哈大笑。


Ein morgon bad den gamle mannen Esel om å bera han opp til toppen av eit fjell.

一天早上,老人让驴孩子带他到山顶。


Høgt oppe blant skyene sovna dei. Esel drøymde at mor hans var sjuk og ropte på han. Og då han vakna …

他们登上山顶,环绕在云雾中,睡着了。驴孩子梦到他的妈妈生病了,正在呼唤他,然后他就醒了……


… hadde skyene forsvunne, nett som venen hans, den gamle mannen.

……云雾消失了,他的朋友——那个老人——也消失了。


Esel visste endeleg kva han skulle gjera.

驴孩子终于知道要做什么了。


Esel fann mor si, som var åleine og sørgde over tapet av barnet sitt. Dei stira på kvarandre lengje. Og så klemde dei kvarandre veldig hardt.

驴孩子找到了他的妈妈,她孤零零一个人,正在为走失的孩子伤心。他们互相打量了很久,然后紧紧地抱在了一起。


Eselbarnet og mor hans har utvikla seg i fellesskap og funne mange måtar å leva side ved side. Sakte, men sikkert har andre familiar byrja å slå seg ned rundt dei.

驴孩子和妈妈住在一起,慢慢长大,学会了如何共同生活。渐渐的,其他的家庭也搬到他们附近,住了下来。


作者: Lindiwe Matshikiza
插图: Meghan Judge
译文: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
配音: Kristofer Olai Ravn Stavseng
语言: 新挪威语
级别: 3级
出处: 原文来自非洲故事书Donkey Child
共享创意授权条款
本着作系采用共享创意 署名 4.0 未本地化版本授权条款授权。
选项
返回故事列表 下载 PDF