下载 PDF
返回故事列表

Bestemors bananar 奶奶的香蕉

作者 Ursula Nafula

插图 Catherine Groenewald

译文 Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

配音 Kristofer Olai Ravn Stavseng

语言 新挪威语

级别 4级

将整故事念出来

播放速度

自动念故事


Kjøkkenhagen til bestemor var full av durra, hirse og maniok. Men best av alt var bananane. Sjølv om bestemor hadde mange barneborn, visste eg i all løyndom at eg var favoritten hennar. Ho inviterte meg ofte heim til seg. Ho fortalde meg òg små løyndomar. Men det var éin løyndom ho ikkje delte med meg: kor ho mogna bananane.

奶奶有一座美丽的大花园,里面种满了高粱,杂谷和木薯,但里面最棒的是香蕉。奶奶虽然有很多孙子孙女,但我心里知道她最喜欢我。她常常邀请我去她家,告诉我一些小秘密。但是有一个秘密,她从来没有告诉我,那就是她催熟香蕉的办法。


Ein dag såg eg ei stor stråkorg som stod plassert utanfor huset til bestemor. Då eg spurde kva ho var meint for, fekk eg svaret: «Det er den magiske korga mi.» Ved sida av korga var det fleire bananblad, som bestemor snudde frå tid til annan. Eg var nysgjerrig: «Kva brukar du blada til, bestemor?» spurde eg. Det einaste svaret eg fekk, var: «Dei er dei magiske blada mine.»

有一天,我看到奶奶在门外放了一个巨大的麦秆编成的篮子。我问奶奶这是做什么的,奶奶却只说:“这是我的神秘篮子。”篮子旁边放了几片香蕉叶子,奶奶把叶子来回翻动。我很好奇,问奶奶:“这些叶子是做什么的?”奶奶却只说:“这是我的神秘叶子。”


Det var så interessant å sjå på bestemor, bananane, bananblada og den store stråkorga. Men bestemor sende meg av garde til mamma for eit ærend. «Bestemor, ver så snill, la meg få sjå på medan du førebur …» «Ikkje ver så sta, jenta mi, gjer det du har vorte bede om», insisterte ho. Eg sprang av garde.

我好奇地看着奶奶,香蕉,香蕉叶子还有那个巨大的麦秆编成的篮子。但奶奶却把我打发到妈妈那儿跑腿。我求奶奶:“让我留下来看一看吧!”奶奶却坚持说:“别固执了,按我说的去做。”我只好跑开了。


Då eg kom tilbake, sat bestemor utanfor, men med verken korga eller bananane. «Bestemor, kor er korga, kor er bananane, og kor …» Men det einaste svaret eg fekk, var: «Dei er på den magiske staden min.» Det var så skuffande!

当我回来的时候,奶奶正坐在外面休息,但是篮子和香蕉都不见了!我问奶奶:“篮子去哪儿了?香蕉去哪儿了?还有那些……”奶奶却说:“它们都在一个神秘的地方。”我太沮丧了!


To dagar seinare bad bestemor meg om å henta stokken hennar frå soverommet. Så snart eg opna døra, vart eg møtt av den sterke lukta av modne bananar. I det inste rommet var den store magiske stråkorga til bestemor. Han var godt gøymd av eit gammalt teppe. Eg løfta det og lukta på den vedunderlege angen.

过了两天,奶奶让我从她的卧室拿拐杖给她。我一打开门,就闻到了熟香蕉的味道。原来奶奶的神秘篮子就放在卧室里!它上面盖了一条旧毯子,我掀起毯子,使劲地闻着那香味。


Stemma til bestemor skremde meg då ho ropte: «Kva held du på med?» «Skund deg og ta med stokken.» Eg skunda meg ut med stokken hennar. «Kva er det du smiler for?» spurde bestemor. Spørsmålet hennar fekk meg til å innsjå at eg enno smilte over oppdaginga av den magiske staden hennar.

奶奶喊我的时候,我吓了一跳:“你在做什么?快把我的拐杖拿来。”我赶紧把拐杖拿出去给奶奶。奶奶看着我,问:“你在笑什么?”我这才意识到,我还在因为发现了这个神奇的秘密窃笑着。


Neste dag, då bestemor kom for å vitja mor mi, skunda eg meg av garde til huset hennar for å sjekka bananane ein gong til. Det var ein klase veldig modne bananar der. Eg tok éin og gøymde den i kjolen min. Etter at eg hadde dekt korga, gjekk eg bak huset og åt den fort. Det var den søtaste bananen eg nokosinne hadde smakt.

第二天,奶奶来看我妈妈,我又跑到奶奶家去偷看那些熟香蕉。有一把香蕉已经非常熟了。我采了一根香蕉,把它藏在我的裙子里。我小心地盖好篮子,跑到房子后面,偷偷地把香蕉吃了:这是我吃过的最美味的香蕉!


Neste dag medan bestemor var i kjøkkenhagen og plukka grønsaker, sneik eg meg inn og titta på bananane. Nesten alle var modne. Eg kunne ikkje la vera å ta ein klase med fire. I det eg lista meg mot døra, høyrde eg bestemor hosta utanfor. Eg rekte så vidt å gøyma bananane under kjolen og gjekk forbi henne.

第二天,我趁奶奶在花园里摘蔬菜的时候,偷偷跑进房间,去看那些香蕉,香蕉差不多全都熟了。我禁不住诱惑,拿了四根香蕉。我踮起脚离开房间,听到奶奶在咳嗽。我把香蕉藏在裙子下面,若无其事地走开了。


Neste dag var det marknadsdag. Bestemor stod tidleg opp. Ho tok alltid med modne bananar og maniok for å selja på marknaden. Eg skunda meg ikkje for å vitja henne den dagen. Men eg kunne ikkje vika unna henne veldig lenge.

第二天是奶奶赶集的日子。奶奶很早就醒来了,她把成熟的香蕉和木薯运到集市上去卖。我那天没有急着去看她,但我知道,我不可能永远躲着奶奶。


Seinare den kvelden sende mor, far og bestemor bod etter meg. Eg visste kvifor. Då eg la meg til å sova den natta, visste eg at eg ikkje kunne stela igjen, ikkje frå bestemor, ikkje frå foreldra mine, og definitivt ikkje frå nokon andre.

那天傍晚,我被爸爸、妈妈和奶奶叫过去。我知道他们为什么找我。那天晚上,当我上床睡觉的时候,我知道我再也不会偷东西了,不偷奶奶的,不偷爸妈的,不从任何人那里偷东西。


作者: Ursula Nafula
插图: Catherine Groenewald
译文: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
配音: Kristofer Olai Ravn Stavseng
语言: 新挪威语
级别: 4级
出处: 原文来自非洲故事书Grandma's bananas
共享创意授权条款
本着作系采用共享创意 署名 3.0 未本地化版本授权条款授权。
选项
返回故事列表 下载 PDF