下载 PDF
返回故事列表

Honningguidens hemn 指蜜鸟的复仇

作者 Zulu folktale

插图 Wiehan de Jager

译文 Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

配音 Kristofer Olai Ravn Stavseng

语言 新挪威语

级别 4级

将整故事念出来

播放速度

自动念故事


Dette er historia om Ngede, honningguiden, og ein grådig ung mann ved namn Gingile. Ein dag medan Gingile var ute på jakt, kalla Ngede på han. Gingile fekk vatn i munnen ved tanken på honning. Han stoppa og lytta oppmerksamt, og leitte til han såg fuglen i greinene over hovudet sitt. «Tsjitikk, tsjitikk, tsjitikk», kvitra den vesle fuglen i det han flaug til det neste treet, og det neste. «Tsjitikk, tsjitikk, tsjitikk», kalla han, og stoppa innimellom for å forsikra seg om at Gingile følgde etter.

这是一个关于指蜜鸟奈吉和贪婪的年轻人青其儿的故事。有一天,青其儿外出打猎,忽然,他听到了奈吉的叫声。青其儿一想到跟着指蜜鸟就能找到美味的蜂蜜,口水就忍不住流了出来。他停下来,仔细地听着,四处找寻,直到他在头上的树枝里看到了指蜜鸟。小鸟啾啾啾地叫着,从一根树枝飞到另一个树枝。指蜜鸟一边飞一边叫,让青其儿能跟上它。


Etter ein halvtime nådde dei eit stort vilt fikentre. Ngede hoppa rundt som ein galen blant greinene. Han slo seg ned på ei grein og strekte hovudet mot Gingile som om han sa: «Her er det! Kom no! Kvifor brukar du så lang tid?» Gingile kunne ikkje sjå nokre bier frå under treet, men han stolte på Ngede.

过了大概半个小时,他们到了一棵巨大的野无花果树下。奈吉在树枝间跳来跳去,然后在其中一根树枝上停了下来,它朝青其儿伸出脑袋,好像在说:“就是这儿!快来!别磨磨蹭蹭的。”青其儿站在树下,看不到一只蜜蜂,但是他相信奈吉不会骗他。


Så Gingile la spydet sitt ned under treet og samla nokre tørre kvistar og tende eit lite bål. Då elden brann godt, stakk han ein lang, tørr kjepp inn i hjartet av bålet. Denne veden var kjend for å laga mykje røyk medan han brann. Han byrja å klatra medan han heldt den kjølege enden av kjeppen mellom tennene.

青其儿把他打猎的矛搁在树下,搜集了一些干枯的小树枝,点了一堆火。当火慢慢旺起来的时候,他拿了一根又长又干的树枝,伸向火堆中心。这种木头烧起来的时候,会释放出很多烟。青其儿一手拿着树枝的另一头,另一只手抓着树干,开始爬树。


Snart kunne han høyra summinga til dei travle biene. Dei kom inn og ut av eit holrom i trestammen – bolet deira. Då Gingile nådde bolet, dytta han den rykande enden inn i holrommet. Biene fór ut, sinte og klare til angrep. Dei flaug bort sidan dei ikkje likte røyken – men ikkje før dei hadde gjeve Gingile nokre smertefulle stikk!

不久青其儿就听到了蜜蜂飞来飞去的嗡嗡声。它们在树干里筑了一个巢,正忙着飞进去飞出来。当青其儿爬到蜂巢附近的时候,他把树枝燃烧的一端猛地戳到蜂巢里。蜜蜂们害怕灰烟,它们都吓坏了,赶紧全都飞出来,但它们没忘记给青其儿脸上、身上狠狠地叮上几口。


Då biene var ute, stakk Gingile handa si inn i bolet. Han tok ut handfuller med tunge vokskaker som draup av herleg honning og var fulle av feite, kvite larvar. Han la vokskakene forsiktig i veska han bar på skuldra og byrja å klatra ned frå treet.

蜜蜂全都飞出来了,青其儿把手伸进蜂巢里,他挖到了好多蜜块,又甜又香的蜂蜜从蜜块上滴下来,看起来美味极了。他小心翼翼地把蜂蜜块放进肩膀上的袋子里,慢慢地从树上爬下来。


Ngede såg ivrig på alt Gingile gjorde. Han venta på at han skulle leggja igjen ei tjukk vokskake som ei takkegåve til honningguiden. Ngede svinsa frå grein til grein, nærare og nærare bakken. Til slutt nådde Gingile foten av treet. Ngede sat på ein stein nær guten og venta på påskjøninga si.

奈吉迫不及待地看着青其儿做这些事情,它等着青其儿能送它一小块蜂蜜,作为给他引路的谢礼。青其儿在树枝间轻快地跳来跳去,离地面越来越近。终于青其儿稳稳地落地,奈吉落在他附近的一块石头上,等着青其儿给他的礼物。


Men Gingile sløkte bålet, plukka opp spydet, byrja å gå heim og oversåg fuglen. Ngede ropte sint: «SI-ger, SI-ger!» Gingile stoppa og stira på den vesle fuglen og lo høgt. «Du vil ha litt honning, du, vesle ven? Ha! Men eg gjorde alt arbeidet og fekk alle stikka. Kvifor skulle eg dela noko av denne herlege honningen med deg?» Ngede var rasande! Dette var då ingen måte å behandla han på! Men han skulle få hemnen sin.

但是青其儿把火灭了,拎起他的矛,开始向家里走去,装作看不见奈吉的样子。奈吉生气地叫着:“给我蜂蜜!给我蜂蜜!”青其儿停下来,盯着小鸟,大笑说:“我的朋友,你也想要蜂蜜,是吗?哈哈,我做了这么多事,被叮了那么多包!我为什么要跟你分享这蜂蜜?”说完,青其儿就走远了。奈吉气极了,他可从来没有被这样对待过!等着吧,它会报仇的。


Ein dag fleire veker seinare høyrde Gingile igjen kallet frå Ngede. Han hugsa den herlege honningen og følgde ivrig etter fuglen nok ein gong. Etter at han hadde leidd Gingile langs skogkanten, stoppa han for å kvila i eit stort akasietre. «Å», tenkte Gingile. «Bolet må vera i dette treet.» Han tende raskt det vesle bålet sitt og byrja å klatra med den rykande greina mellom tennene. Ngede sat og venta.

过了几个星期,青其儿又听到了奈吉的叫声。他想起来美味的蜂蜜,迫不及待地跟着指蜜鸟走了。奈吉领着青其儿走到森林边上,在一棵大树冠上停了下来。青其儿心想:“哈哈,树上肯定有蜂巢。”他迅速地生了一小堆火,拿着燃烧的树枝开始爬树。奈吉停在那儿看着这一切。


Gingile klatra, men lurte på kvifor han ikkje høyrde den sedvanlege summinga. «Kanskje bolet er djupt inne i treet», tenkte han for seg sjølv. Han drog seg opp etter ei anna grein. Men i staden for bolet, stira han inn i auga til ein leopard! Leopard var veldig sint fordi søvnen hennar vart så brått avbrote. Ho kneip att auga og opna munnen for å visa dei veldig lange og skarpe tennene sine.

青其儿爬着爬着,心里觉得奇怪,怎么他没有听到嗡嗡声呢?他想,蜂巢一定在树冠很深的地方。他拉着树枝,跳上树:没有蜂巢,他看到了一只豹子!豹子非常生气,因为青其儿打扰了它的美梦。豹子眯着眼睛,张开血盆大口,露出了又白又尖的牙齿。


Før Leopard kunne svinga labben etter Gingile, skunda han seg ned frå treet. I hastverket bomma han på ei grein og landa med eit høgt brak på bakken og forstua ankelen. Han hinka vidare så fort han kunne. Heldigvis for han var Leopard enno for søvnig til å jaga han. Ngede, honningguiden, hadde fått hemnen sin. Og Gingile hadde fått seg ein lærepenge.

青其儿没等到豹子扑向他,就飞快地爬下树。可他爬得太匆忙了,一脚没踩稳,重重地摔在地上,扭到了脚踝。他一瘸一拐地跑走了。幸好豹子还没睡醒,没有追青其儿。指蜜鸟奈吉报了仇,青其儿也学到了教训。


Og på den måten, når borna til Gingile høyrer forteljinga om Ngede, respekterer dei den vesle fuglen. Kvar gong dei sankar honning sørger dei for å gje den største delen av vokskaka til honningguiden!

从此以后,青其儿的孩子们都听说了奈吉的故事,都非常尊重这只小鸟。他们每次收获蜂蜜的时候,都会把最大的一块留给指蜜鸟。


作者: Zulu folktale
插图: Wiehan de Jager
译文: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
配音: Kristofer Olai Ravn Stavseng
语言: 新挪威语
级别: 4级
出处: 原文来自非洲故事书The Honeyguide's revenge
共享创意授权条款
本着作系采用共享创意 署名 3.0 未本地化版本授权条款授权。
选项
返回故事列表 下载 PDF