تحميل بصيغة PDF
العودة لقائمة القصص

Det systera til Vusi sa ما قالته أخت فوسي

كُتِب بواسطة Nina Orange

رسمة بواسطة Wiehan de Jager

بترجمة Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

قرأه Kristofer Olai Ravn Stavseng

لغة النرويجية (نينوشك)

مستوى المستوى 4

سرد للقصة كاملة

سرعة القراءة

تشغيل تلقائي للقصة


Tidleg ein morgon ropte bestemora til Vusi på han: «Vusi, ver snill og ta med dette egget til foreldra dine. Dei vil laga ei stor kake til bryllaupet til syster di.»

في صباح باكر من أحد الأيام، نادت الجدة حفيدها فوسي قائلة: “فوسي، أرجو أن تأخذ هذه البيضة لوالديك. يريدان تحضير كعكة كبيرة بمناسبة حفل زفاف أختك”.


På veg til foreldra sine møtte Vusi to gutar som plukka frukt. Éin gut snappa egget frå Vusi og kasta det på eit tre. Egget knuste.

وفي طريقه إلى منزل والديه، اعترض فوسي ولدين يقطفان الفواكه. خطف أحد الولدين البيضة من يد فوسي وألقى بها على شجرة فتهشمت البيضة.


«Kva har du gjort?» ropte Vusi. «Det egget var meint for ei kake. Kaka var til bryllaupet til syster mi. Kva kjem syster mi til å seia viss det ikkje vert noka bryllaupskake?»

صاح فوسي: “ماذا فعلت؟ البيضة كانت لصنع كعكة، والكعكة كانت لحفل زفاف أختي. ماذا ستقول أختي إذا لم يكن في العرس كعكة؟”.


Gutane var lei seg for at dei erta Vusi. «Vi kan ikkje hjelpa deg med kaka, men her er ein kjepp til syster di», sa han eine. Vusi heldt fram på reisa.

أسف الولدان لإزعاجهما لفوسي وقال أحدهما: “لن نستطيع المساعدة في صنع الكعكة، لكن ها هي عصا للمشي، خذها لأختك”. أخذ فوسي العصا وواصل طريقه إلى المنزل.


På vegen møtte han to menn som bygde eit hus. «Kan vi bruka den sterke kjeppen?» spurde han eine. Men kjeppen var ikkje sterk nok for bygningen, så han knakk.

وفي الأثناء، التقى فوسي رجلين يبنيان منزلاً. سأله أحدهما: “هل يمكننا أن نستخدم تلك العصا الغليظة التي بيدك؟”. لكن العصا كسرت لدى استعمالها، لأنها لم تكن قوية بالقدر الكافي لتستخدم في البناء.


«Kva har du gjort?» ropte Vusi. «Den kjeppen var ei gåve til syster mi. Fruktplukkarane gav meg den kjeppen fordi dei knuste egget som var meint for kaka. Kaka var meint for bryllaupet til syster mi. No er det ikkje noko egg, ikkje noka kake, og ikkje noka gåve. Kva kjem syster mi til å seia?»

صاح فوسي: “ماذا فعلتما؟ تلك العصا كانت هدية لأختي. لقد أعطاني إياها جامعا الفواكه اللذان كسرا البيضة التي كنا سوف نستخدمها لعمل كعكة لأختي بمناسبة زواجها. أما الآن، فلا بيضة ولا كعكة ولا هدية. ماذا ستقول أختي؟”


Bygningsarbeidarane var lei seg for at dei knakk kjeppen. «Vi kan ikkje hjelpa deg med kaka, men her er litt halmtekke for huset til syster di», sa den eine. Og slik heldt Vusi fram på reisa.

أسف البناءان على كسر العصا. فقال أحدهما: “لن نستطيع فعل شيء بخصوص الكعكة، لكن هذا بعض القش، خذه لأختك”. أخذ فوسي القش وواصل طريقه.


På vegen møtte Vusi ein bonde og ei ku. «For noko herleg halm, kan eg få ein smakebit?» spurde kua. Men halmen smakte så godt at kua åt opp alt!

وبينما هو في طريقه إلى البيت، اعترضه مزارع ومعه بقرة. قالت البقرة: “هذا القش لذيذ، هل لي بقضمه منه؟” لكن القش كان حلو المذاق لدرجة أن البقرة التهمته كله.


«Kva har du gjort?» ropte Vusi. «Den halmen var ei gåve til syster mi. Bygningsarbeidarane gav meg den halmen fordi dei knakk kjeppen frå fruktplukkarane. Fruktplukkarane gav meg kjeppen fordi dei knuste egget meint for kaka til syster mi. Kaka var meint for bryllaupet til syster mi. No er det ikkje noko egg, ikkje noka kake, og ikkje noka gåve. Kva kjem syster mi til å seia?»

صاح فوسي: “ماذا فعلت أيتها البقرة؟ ذاك القش كان هدية لأختي. أعطاني إياه البناءان بعد أن كسرا العصا التي تسلمتها من جامعيْ الفواكه الذيْنِ هشَّما البيضة التي كنا سنصنع بها كعكة لعرس أختي. لم يعد لي الآن لا بيضة ولا كعكة ولا هدية… ترى ماذا ستقول أختي؟”.


Kua var lei seg for at ho var grådig. Bonden vart samd i at kua skulle følgja med Vusi som ei gåve til syster hans. Og slik heldt Vusi fram.

اعتذرت البقرة لجشعها، أما المزارع فقد قرر أن يسلم البقرة لفوسي كهدية لأخته. أخذ فوسي البقرة وواصل طريقه.


Men kua sprang tilbake til bonden rundt middagstid. Og Vusi gjekk seg vill på reisa. Han kom fram veldig seint til bryllaupet til syster si. Gjestene var allereie i gang med å eta.

لكن، وبحلول وقت العشاء فرت البقرة هاربة ورجعت إلى المزارع الذي سلمها لفوسي. أضاع فوسي طريقه ووصل متأخراً جداً لحفل زفاف أخته، فقد وجد المدعوين بصدد تناول الطعام.


«Kva skal eg gjera?» ropte Vusi. «Den kua som sprang bort, var ei gåve til gjengjeld for halmen som bygningsarbeidarane gav meg. Bygningsarbeidarane gav meg halmen fordi dei knakk kjeppen frå fruktplukkarane. Fruktplukkarane gav meg kjeppen fordi dei knuste egget som var meint for kaka. Kaka var meint for bryllaupet. No er det ikkje noko egg, ikkje noka kake, og ikkje noka gåve.»

صاح فوسي: “ماذا عساي أن أفعل الآن؟ … لقد هربت البقرة، هدية العرس التي منحني إياه المزارع مقابل القش الذي سلمني إياه البناءان عندما كسرا العصا التي أعطاني إياها جامعا الفواكه بعد أن هشما البيضة التي كنا سنصنع بها كعكة زفاف أختي. أما الآن فلا بيضة ولا كعكة ولا هدية”.


Systera til Vusi tenkte eit bel, så sa ho: «Vusi, kjære bror, eg bryr meg verkeleg ikkje om gåver. Eg bryr meg ikkje ein gong om kaka! Vi er alle saman samla her, så eg er glad. Så ta på deg nokre fine klede, og la oss feira denne dagen!» Så det var det Vusi gjorde.

فكرت أخت فوسي قليلاً ثم قالت: “أخي، لا تهمني الهدايا، ولا الكعكة. نحن هنا معا، وأنا سعيدة. اذهب الآن والبس ثيابك الجميلة وتعال، نحتفل بهذا اليوم السعيد معاً”. وكان ذاك ما فعله فوسي.


كُتِب بواسطة: Nina Orange
رسمة بواسطة: Wiehan de Jager
بترجمة: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
قرأه: Kristofer Olai Ravn Stavseng
لغة: النرويجية (نينوشك)
مستوى: المستوى 4
المصدر: What Vusi's sister said از القصص الأفريقية القصيرة
رخصة المشاع الإبداعي
تحت مجوز المشاع الإبداعي نَسب المُصنَّف 3.0 دولي کریتز کامنز به نشر رسید.
بیشتر بخوانید سطح 4 داستان ها:
خيارات
العودة لقائمة القصص تحميل بصيغة PDF