تحميل بصيغة PDF
العودة لقائمة القصص

På ferie hos bestemor في عطلة مع الجدة

كُتِب بواسطة Violet Otieno

رسمة بواسطة Catherine Groenewald

بترجمة Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

قرأه Kristofer Olai Ravn Stavseng

لغة النرويجية (نينوشك)

مستوى المستوى 4

سرد للقصة كاملة

سرعة القراءة

تشغيل تلقائي للقصة


Odongo og Apiyo budde i byen med far sin. Dei såg fram til ferien. Ikkje berre fordi skulen var slutt, men fordi dei skulle vitja bestemor si. Ho budde i ein fiskarlandsby nær ein stor innsjø.

كان أودنقو وأبيو يعيشان مع أبيهما في المدينة، وكانا ينتظران العطلة بفارغ الصبر، ليس فقط لأن المدرسة ستغلق أبوابها ولكن أيضا لأنهما يريدان زيارة جدتهما التي كانت تعيش في قرية صيد محاذية لبحيرة كبيرة.


Odongo og Apiyo var begeistra fordi det var på tide å vitja bestemor igjen. Kvelden før pakka dei veskene sine og gjorde seg klare for den lange reisa til landsbyen hennar. Dei fekk ikkje sova, og dei snakka heile natta om ferien.

كان أودنقو وأبيو متحمسين أشد الحماس لأن الوقت قد حان لزيارة جدتهما من جديد. وفي الليلة التي سبقت الزيارة، حزم الصغيران حقائبهما واستعدا للرحلة الطويلة التي ستأخذهما إلى قرية جدتهما. لم يستطيعا ليلتها النوم، ولبثا يتحدثان عن العطلة طوال الليل.


Tidleg neste morgon drog dei til landsbyen i bilen til far sin. Dei køyrde forbi fjell, ville dyr og teplantasjar. Dei talde bilar og song songar.

وفي صباح اليوم الموالي، امتطى الصغيران سيارة أبيهما وقصدا القرية باكراً. كانت السيارة تشق طريقها عبر الجبال وبين الحيوانات البرية ومزارع الشاي، وكان الصغيران يحصيان عدد السيارات ويغنيان.


Etter eit bel vart borna trøytte og sovna.

لكن وبعد فترة من الوقت، شعر الصغيران بالتعب وغلبهما النعاس فاستسلما للنوم.


Faren vekte Odongo og Apiyo i det dei kom til landsbyen. Dei fann Nyar-Kanyada, bestemor si, som kvilte på ei matte under eit tre. På luo tyder Nyar-Kanyada «dottera til Kanyada-folket.» Ho var ei sterk og ven kvinne.

أيقظ الأب الطفلين أودنقور وأبيو لدى وصولهما إلى القرية. وجد الصغيران جدتهما، نيار كنيادا، تستريح على حصير تحت شجرة. كان اسمها بلغة الليو يعني “ابنة شعب كنيادا” وكانت امرأةً جميلةً وقويةً.


Nya-Kanyada ynskte dei velkomen og dansa rundt i rommet medan ho song av glede. Barneborna hennar var begeistra over å overrekka gåvene dei hadde teke med frå byen. «Opne gåva mi først», sa Odongo. «Nei, gåva mi først!» sa Apiyo.

استقبلتهما الجدة بحفاوة في منزلها ورقصت وغنت من شدة الفرح. كان الحفيدان مغتبطين بإعطاء جدتهما الهدايا التي اشتروها لها من المدينة. قال أودنقو: “جدتي.. افتحي هديتي أنا أولاً”. وقالت ابيو: “لا جدتي، هديتي أنا أولاً”


Etter at ho hadde opna gåvene, velsigna Nyar-Kanyada barneborna sine på tradisjonelt vis.

وبعد أن فتحت نيار كنيادا الهدايا، شكرت حفيديها وباركتهما على الطريقة التقليدية.


Så gjekk Odongo og Apiyo ut. Dei jaga sommarfuglar og fuglar.

بعد ذلك، خرج اودنقو وابيو إلى الحقول فلاحقا الفراشات والطيور.


Dei klatra i tre og plaska i vatnet i innsjøen.

وتسلقا الأشجار واستحما في ماء البحيرة.


Då det vart mørkt, gjekk dei tilbake til huset for å eta middag. Før dei vart ferdige med å eta byrja dei å falla i søvn!

ولما أقبل المساء رجعا إلى المنزل ليتناولا العشاء. لكن قبل أن ينهيا طعامهما كان الصغيران قد غلبهما النعاس فناما.


Dagen etter køyrde far deira tilbake til byen og lét dei vera igjen hos Nyar-Kanyada.

وفي اليوم الموالي انطلق الأب بسيارته إلى المدينة وترك الصغيرين صحبة جدتهما نيار كنيادا.


Odongo og Apiyo hjelpte bestemor si med gjeremåla i huset. Dei henta vatn og ved. Dei samla egg frå hønene og plukka grønsaker frå kjøkkenhagen.

ساعد أودنقو وأبيو جدتهما في شؤون المنزل، فكانا يحضران الماء والحطب ويجمعان البيض من قن الدجاج ويلتقطان الخضار من الحديقة.


Nyar-Kanyada lærde barneborna sine korleis dei skulle laga mjuk ugali for å eta saman med ein gryterett. Ho viste dei korleis dei skulle laga kokosris for å eta saman med grilla fisk.

علمت نيار كنيادا حفيديها كيفية صنع الأوقالي اللين لتناوله مع الحساء، كما علمتهما كيفية صنع رز جوز الهند لتناوله مع السمك المحمر.


Ein morgon tok Odongo kyrne til bestemor si ut for å beita. Dei sprang inn på garden til ein nabo. Bonden vart sint på Odongo. Han truga med å halda på kyrne sidan dei åt avlinga hans. Etter den dagen sørgde guten for at kyrne ikkje skapte trøbbel igjen.

وفي صباح أحد الأيام، أخذ أودنقو بقرات جدته إلى المرعى، فأسرعت البقرات بالدخول إلى حقل أحد المزارعين. غضب المزارع من أدنقو وهدد بأن يحتفظ بالبقرات عنده لأنها أكلت محصوله. ومنذ ذلك اليوم، عزم الولد على ألا يترك البقرات تتسبب في أي مشكل جديد.


Ein annan dag drog borna til marknadsplassen saman med Nyar-Kanyada. Ho hadde ei bu der ho selde grønsaker, sukker og såpe. Apiyo likte å fortelja kundane prisen på varene. Odongo pakka varene som kundane kjøpte.

وفي يوم آخر، ذهب الصغيران مع نيار كنيادا إلى التسوق. كانت الجدة تضع الخضار والسكر والصابون على منصة لبيعها وكانت أبيو تعلم الزبائن بثمن السلع. أما أودنقو فقد كان يلف المشتريات للزبائن.


Då dagen var omme, drakk dei krydra te saman. Dei hjelpte bestemor med å telja pengane ho hadde tent.

وفي نهاية اليوم شربوا شاي تشاي معا وساعدوا الجدة في حساب المال الذي حصلت عليه.


Men snart var ferien over og borna måtte dra tilbake til byen. Nyar-Kanyada gav Odongo ei skuggelue og Apiyo ein genser. Ho pakka mat for reisa deira.

غير أن العطلة انتهت بسرعة، وكان لزاماً على الصغيرين الرجوع إلى المدينة. أهدت نيار كنيادا قبعة لأودنقو وسترة لأبيو، كما أعدت لهم طعاماً من أجل الرحلة.


Då far deira kom for å henta dei, ville dei ikkje dra. Borna trygla Nyar-Kanyada om å verta med dei til byen. Ho smilte og sa: «Eg er for gammal for byen. Eg skal venta på at de kjem tilbake til landsbyen min.»

وعندما جاء أبوهما لاصطحابهما معه إلى المنزل، لم يريدا المغادرة، بل رجوا نيار كنيادا أن تذهب معهما إلى المدينة. ابتسمت الجدة وقالت: “لقد أصبحت عجوزاً، ولن أستطيع الذهاب إلى المدينة. سوف أنتظر حتى تعودا إلى قريتي من جديد”.


Odongo og Apiyo klemde henne hardt og tok farvel.

عانق أودنقو وأبيو جدتهما بحرارة وودعاها.


Då Odongo og Apiyo drog tilbake til skulen, fortalde dei venene sine om livet på landet. Nokre born syntest at livet i byen var godt. Andre syntest at landet var betre. Men viktigast av alt var at alle var samde i at Odongo og Apiyo hadde ei fantastisk bestemor!

ولما عاد أودنقو وأبيو إلى المدرسة، حدثا أصدقائهما عن الحياة في القرية. أحس بعض الأطفال أن الحياة في المدينة جميلة بينما أحس البعض الآخر أنها أجمل في القرية. لكنهم اتفقوا جميعا على ان لأدنقو وأبيو جدة رائعة.


كُتِب بواسطة: Violet Otieno
رسمة بواسطة: Catherine Groenewald
بترجمة: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
قرأه: Kristofer Olai Ravn Stavseng
لغة: النرويجية (نينوشك)
مستوى: المستوى 4
المصدر: Holidays with grandmother از القصص الأفريقية القصيرة
رخصة المشاع الإبداعي
تحت مجوز المشاع الإبداعي نَسب المُصنَّف 4.0 دولي کریتز کامنز به نشر رسید.
بیشتر بخوانید سطح 4 داستان ها:
خيارات
العودة لقائمة القصص تحميل بصيغة PDF