Ein dag fekk mamma mykje frukt.
"Når kan vi få litt frukt?" spør vi. "Vi skal eta frukta i kveld", seier mamma.
Bror min Rahim er grådig. Han smakar på all frukta. Han et mykje av ho.
"Sjå kva Rahim gjorde", ropar veslebror min. "Rahim er slem og egoistisk", seier eg.
Mamma er sint på Rahim.
Vi er òg sinte på Rahim. Men Rahim er ikkje lei seg.
"Skal du ikkje straffa Rahim?" spør veslebror.
"Rahim, du kjem til å angra snart", åtvarar mamma.
Rahim byrjar å føla seg uvel.
"Eg har så vondt i magen", kviskrar Rahim.
Mamma visste at dette ville skje. Frukta straffar Rahim!
Seinare seier Rahim orsak til oss. "Eg skal aldri vera så grådig igjen", lovar han. Vi trur han alle saman.
This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.
You can view the original story on the ASP website here