Den dagen eg drog heimanfrå for å dra til byen

Den vesle busstasjonen i landsbyen min var travel og stappfull av bussar. På bakken var det fleire ting som skulle lastast. Medhjelparane ropte namna på stadane dit bussane gjekk.

1

"Byen! Byen! Vestover!" høyrde eg ein medhjelpar ropa. Det var bussen eg måtte ta.

2

Bussen til byen var nesten full, men fleire folk dytta for å koma om bord. Nokre plasserte bagasjen sin i bagasjerommet under bussen. Andre la han på hyllene inne i bussen.

3

Nye passasjerar klamra seg til billettane sine medan dei såg etter ein stad å sitja sidan det var trongt om plassen. Kvinner med unge born la til rette for dei så dei skulle få det behageleg under den lange reisa.

4

Eg pressa meg inn ved sida av eit vindauge. Personen som sat ved sida av meg heldt hardt om ein grøn plastpose. Han hadde på seg gamle sandalar, ein utsliten frakk, og han såg nervøs ut.

5

Eg såg ut av bussen og innsåg at eg var i ferd med å forlata landsbyen min, staden der eg hadde vakse opp. Eg skulle dra til den store byen.

6

Lastinga av bagasjen var ferdig og alle passasjerane hadde sett seg. Gateseljarar pressa seg enno inn i bussen for å selja varene sine til passasjerane. Alle ropte namna på det dei hadde til sals. Eg syntest orda høyrdest merkelege ut.

7

Nokre få passasjerar kjøpte noko å drikka, andre kjøpte små snacks som dei byrja å tygga på. Dei som ikkje hadde nokre pengar, som eg, berre såg på.

8

Desse aktivitetane vart avbrotne av tutinga til bussen, eit teikn på at vi var klare til å dra. Ein medhjelpar ropte at gateseljarane måtte koma seg ut.

9

Gateseljarar dytta kvarandre for å koma seg ut av bussen. Nokre gav tilbake vekslepengar til dei reisande. Andre freista i siste liten å selja nokre fleire varer.

10

I det bussen forlét busstasjonen, stira eg ut av vindauget. Eg lurte på om eg nokosinne skulle koma tilbake til landsbyen min igjen.

11

Etter kvart som reisa heldt fram vart det veldig varmt i bussen. Eg lukka auga og håpte å få sova.

12

Men tankane mine vandra heim. Kjem mor mi til å verta trygg? Kjem kaninane mine til å innbringe nokre pengar? Kjem bror min til å hugsa å vatna dei nyutsprungne trea mine?

13

På vegen lærte eg meg utanåt namnet på staden i den store byen der onkelen min budde. Eg mumla enno då eg fall i søvn.

14

Ni timar seinare vakna eg av høglydt banking og roping etter passasjerar som skulle tilbake til landsbyen min. Eg greip fatt i den vesle veska mi og hoppa ut av bussen.

15

Bussen som skulle tilbake vart fylt opp fort. Det viktigaste for meg no var å byrja å leita etter huset til onkelen min.

16

Den dagen eg drog heimanfrå for å dra til byen

Tekst: Lesley Koyi, Ursula Nafula
Illustrasjonar: Brian Wambi
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.