Bananseljaren Tom

Tom ber ei kasse med mogne bananar.

1

Tom dreg til marknaden for å selja bananar.

2

Folk på marknaden kjøper frukt.

3

Men ingen kjøper Tom sine bananar. Dei føretrekker å kjøpa frukt av kvinner.

4

"Her omkring er det berre kvinner som sel frukt", seier folk. "Kva slags mann er dette?" spør folk.

5

Men Tom gjev ikkje opp. Han ropar: "Kjøp bananane mine! Kjøp mine søte, modne bananar!"

6

Ei kvinne plukkar ein klase bananar frå kassa. Ho ser nøye på bananane.

7

Kvinna kjøper bananane.

8

Fleire folk kjem til salsbua. Dei kjøper Tom sine bananar og et dei.

9

Kassa vert fort tom. Tom tel pengane han har tent.

10

Deretter kjøper Tom såpe, sukker og brød. Han puttar varene i kassa.

11

Tom balanserer kassa på hovudet og går heim.

12

Bananseljaren Tom

Tekst: Humphreys Odunga
Illustrasjonar: Zablon Alex Nguku
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.