Bestemors bananar

Kjøkkenhagen til bestemor var full av durra, hirse og maniok. Men best av alt var bananane. Sjølv om bestemor hadde mange barneborn, visste eg i all løyndom at eg var favoritten hennar. Ho inviterte meg ofte heim til seg. Ho fortalde meg òg små løyndomar. Men det var éin løyndom ho ikkje delte med meg: kor ho mogna bananane.

1

Ein dag såg eg ei stor stråkorg som stod plassert utanfor huset til bestemor. Då eg spurde kva ho var meint for, fekk eg svaret: "Det er den magiske korga mi." Ved sida av korga var det fleire bananblad som bestemor snudde frå tid til annan. Eg var nysgjerrig: "Kva brukar du blada til, bestemor?" spurde eg. Det einaste svaret eg fekk, var: "Dei er dei magiske blada mine."

2

Det var så interessant å sjå på bestemor, bananane, bananblada og den store stråkorga. Men bestemor sende meg av garde til mamma for eit ærend. "Bestemor, ver så snill, la meg få sjå på medan du førebur ..." "Ikkje ver så sta, jenta mi, gjer det du har vorte bede om", insisterte ho. Eg sprang av garde.

3

Då eg kom tilbake, sat bestemor utanfor, men med verken korga eller bananane. "Bestemor, kor er korga, kor er bananane, og kor ..." Men det einaste svaret eg fekk, var: "Dei er på den magiske staden min." Det var så skuffande!

4

To dagar seinare bad bestemor meg om å henta stokken hennar frå soverommet. Så snart eg opna døra, vart eg møtt av den sterke lukta av modne bananar. I det inste rommet var den store magiske stråkorga til bestemor. Han var godt gøymd av eit gammalt teppe. Eg løfta det og lukta på den vedunderlege angen.

5

Stemma til bestemor skremde meg då ho ropte: "Kva held du på med?" "Skund deg og ta med stokken." Eg skunda meg ut med stokken hennar. "Kva er det du smiler for?" spurde bestemor. Spørsmålet hennar fekk meg til å innsjå at eg enno smilte over oppdaginga av den magiske staden hennar.

6

Neste dag, då bestemor kom for å vitja mor mi, skunda eg meg av garde til huset hennar for å sjekka bananane ein gong til. Det var ein klase veldig modne bananar der. Eg tok éin og gøymde den i kjolen min. Etter at eg hadde dekt korga, gjekk eg bak huset og åt den fort. Det var den søtaste bananen eg nokosinne hadde smakt.

7

Neste dag medan bestemor var i kjøkkenhagen og plukka grønsaker, sneik eg meg inn og titta på bananane. Nesten alle var modne. Eg kunne ikkje la vera å ta ein klase med fire. I det eg lista meg mot døra, høyrde eg bestemor hosta utanfor. Eg rekte så vidt å gøyma bananane under kjolen og gjekk forbi henne.

8

Neste dag var det marknadsdag. Bestemor stod tidleg opp. Ho tok alltid med modne bananar og maniok for å selja på marknaden. Eg skunda meg ikkje for å vitja henne den dagen. Men eg kunne ikkje vika unna henne veldig lenge.

9

Seinare den kvelden sende mor, far og bestemor bod etter meg. Eg visste kvifor. Då eg la meg til å sova den natta, visste eg at eg ikkje kunne stela igjen, ikkje frå bestemor, ikkje frå foreldra mine, og definitivt ikkje frå nokon andre.

10

Bestemors bananar

Tekst: Ursula Nafula
Illustrasjonar: Catherine Groenewald
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.