Magozwe

I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei tok kvar dag akkurat som han kom. Ein morgon pakka gutane saman mattene sine etter at dei hadde sove på det kalde fortauet. For å fordriva kulda laga dei eit bål av søppel. Ein av gutane i gjengen var Magozwe. Han var den yngste.

1

Då Magozwe sine foreldre døydde, var han berre fem år. Han drog for å bu med onkelen sin. Denne mannen brydde seg ikkje om barnet. Han gav ikkje Magozwe nok mat. Han tvinga guten til å jobba hardt.

2

Viss Magozwe klaga eller stilte spørsmål, slo onkelen hans han. Når Magozwe spurde om han kunne gå på skulen, slo onkelen hans han og sa: "Du er for dum til å læra noko som helst." Etter tre år med denne behandlinga rømde Magozwe frå onkelen sin. Han byrja å bu på gata.

3

Livet på gata var vanskeleg, og dei fleste gutane sleit kvar dag berre for å finna mat. Nokre gonger vart dei arrestert, andre gonger vart dei slått. Når dei vart sjuke, var det ingen som kunne hjelpa dei. Gjengen var avhengig av dei få pengane dei fekk frå å tigga og frå å selja plast og anna til resirkulering. Livet var endå vanskelegare på grunn av slåsskampar med rivaliserande gjengar som ville ha kontroll over delar av byen.

4

Ein dag medan Magozwe leitte i nokre søppelbøtter, fann han ei gammal fillete barnebok. Han fjerna møkka frå ho og la den i sekken sin. Kvar påfølgjande dag tok han ut boka og såg på bileta. Han visste ikkje korleis han skulle lesa orda.

5

Bileta fortalde forteljinga om ein gut som voks opp til å verta pilot. Magozwe brukte å dagdrøyma om å verta pilot. Nokre gonger innbilte han seg at han var guten i forteljinga.

6

Det var kaldt og Magozwe stod langs vegen og tagg. Ein mann gjekk bort til han. "Hei, eg heiter Thomas. Eg bur i nærleiken, på ein stad der du kan få deg noko å eta", sa han og peikte på eit gult hus med blått tak. "Eg håpar du dreg dit for å få deg litt mat?" spurde han. Magozwe såg på han, og deretter på huset. "Kanskje", sa han og gjekk.

7

I månadene som følgde vart dei heimlause gutane vande til å sjå Thomas. Han likte å snakka med folk, spesielt dei som budde på gata. Thomas høyrde på forteljingar om liva til folk. Han var seriøs og tolmodig, aldri frekk eller respektlaus. Nokon av gutane byrja å dra til det gule og blå huset for å få mat midt på dagen.

8

Magozwe sat på fortauet og kika i biletboka då Thomas kom og sette seg ved sida av han. "Kva handlar forteljinga om?" spurde Thomas. "Ho handlar om ein gut som vert pilot", svara Magozwe. "Kva heiter guten?" spurde Thomas. "Eg veit ikkje, eg kan ikkje lesa", svara Magozwe lågt.

9

Då dei møttest, byrja Magozwe å fortelja si eiga historie til Thomas. Det var historia om onkel hans og kvifor han rømde heimanfrå. Thomas snakka ikkje mykje, og han sa ikkje til Magozwe kva han skulle gjera, men han lytta alltid oppmerksamt. Nokre gonger snakka dei saman medan dei åt i det gule huset med det blå taket.

10

Omkring Magozwes tiande fødselsdag gav Thomas han ei ny barnebok. Det var forteljinga om ein landsbygut som voks opp til å verta ein berømt fotballspelar. Thomas las den forteljinga for Magozwe mange gonger, heilt til han ein dag sa: "Eg synest det er på tide at du går på skulen og lærer å lesa. Kva synest du?" Thomas forklarte at han visste om ein stad der born kunne bu og gå på skule.

11

Magozwe tenkte på denne nye staden og på å gå på skulen. Kva om onkelen hans hadde rett og han var for dum til å læra noko? Kva om dei slo han på denne nye staden? Han var redd. "Kanskje det er betre å bu på gata", tenkte han.

12

Han snakka om det han var redd for med Thomas. Med tida forsikra mannen guten om at livet kunne verta betre på den nye staden.

13

Dermed flytta Magozwe inn i eit rom i eit hus med grønt tak. Han delte rommet med to andre gutar. Til saman var det ti born som budde i det huset. Saman med tanta Cissy og mannen hennar, tre hundar, ein katt og ei gammal geit.

14

Magozwe byrja på skulen, og det var vanskeleg. Han hadde mykje å ta att. Av og til ville han gje opp. Men han tenkte på piloten og fotballspelaren i barnebøkene. Som dei gav han ikkje opp.

15

Magozwe sat på tunet ved huset med det grøne taket og las ei barnebok frå skulen. Thomas kom og sat seg ved sida av han. "Kva handlar forteljinga om?" spurde Thomas. "Ho handlar om ein gut som vert lærar", svara Magozwe. "Kva heiter guten?" spurde Thomas. "Han heiter Magozwe", svara Magozwe med eit smil.

16

Magozwe

Tekst: Lesley Koyi
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.