Eit lite frø: Historia om Wangari Maathai

I ein landsby ved foten av Mount Kenya i Aust-Afrika arbeidde ei lita jente saman med mor si på åkeren. Wangari heitte ho.

1

Wangari var glad i å vera ute. Familien hadde ein kjøkkenhage. Der vende ho grønsakshagen med macheten sin. Ho stakk små frø ned i den varme jorda.

2

Ho syntest den beste tida på dagen var rett etter solnedgang. Når det vart for mørkt til å sjå plantene, visste ho at det var på tide å gå heim. Ho gjekk langs smale stiar på markene og over bekkar på vegen sin.

3

Wangari var ei flink jente og ville gjerne byrja på skulen. Men mora og faren ville at ho skulle vera heime og hjelpa til. Då ho vart sju år, overtalte storebroren mor og far til å la henne få gå på skulen.

4

Ho likte å læra! Wangari lærde meir og meir for kvar bok ho las. Ho vart så flink på skulen at ho vart invitert til å studera i USA. Wangari vart så glad! Ho ville læra meir om verda.

5

Wangari lærde mykje nytt på det amerikanske universitetet. Ho studerte planter og korleis dei veks. Og hugsa korleis ho hadde vakse opp sjølv: i leiker og spel med brørne sine i Kenyas vene skogar.

6

Ho skjønte ho var glad i folk frå Kenya jo meir ho lærde. Ho ville dei skulle vera glade og frie. Og jo meir ho lærde, desto meir hugsa ho heimen sin i Afrika.

7

Då ho var ferdig med å studera, drog ho tilbake til Kenya. Men landet hennar var forandra. Kjempestore bondegardar strekte seg utover i landet. Kvinnene hadde ikkje ved til å tenna bål for å laga mat. Folk var fattige og born svalt.

8

Wangari visste råd. Ho lærde kvinnene å planta tre ved å så frø i jorda. Kvinnene selde trea og brukte pengane til beste for familien sin. Dei vart veldig glade. Wangari hadde fått dei til å føla seg sterke og mektige.

9

Tida gjekk og dei nye trea voks og vart til skog, og det kom vatn i elvene igjen. Historia om Wangari spreidde seg over heile Afrika. I dag er det millionar av tre som har vakse opp frå Wangaris frø.

10

Wangari hadde arbeidd hardt. Folk over heile verda la merke til det og dei gav henne ein berømt pris. Han vert kalla Nobels fredspris. Ho vart den første afrikanske kvinna som fekk han.

11

Wangari døydde i 2011, men vi kan tenkja på henne kvar gong vi ser eit vent tre.

12

Eit lite frø: Historia om Wangari Maathai

Tekst: Nicola Rijsdijk
Illustrasjonar: Maya Marshak
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.