Veslebror min søv veldig seint. Eg vaknar tidleg fordi eg er flink!
Eg er ho som slepp sola inn.
"Du er morgonstjerna mi", seier mamma.
Eg vaskar meg sjølv, eg vil ikkje ha hjelp.
Eg toler kaldt vatn og blå stinkande såpe.
Mamma minner meg på tannpussen: "Gløym ikkje tennene." Eg svarar: "Aldri, ikkje eg!"
Etter kroppsvasken helsar eg på bestefar og tante og ynskjer dei ein god dag.
Så kler eg meg sjølv. "Eg er stor no, mamma", seier eg.
Eg kan kneppa knappar og spenna skorne mine.
Og eg sørgjer for at for veslebror får vita alt nytt frå skulen.
I timane gjer eg mitt beste på alle måtar.
Eg gjer alle desse gode tinga kvar dag. Men det eg likar mest, er å leika og leika!
This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.
You can view the original story on the ASP website here