Honningguidens hemn

Dette er historia om Ngede, honningguiden, og ein grådig ung mann ved namn Gingile. Ein dag medan Gingile var ute på jakt, kalla Ngede på han. Gingile fekk vatn i munnen ved tanken på honning. Han stoppa og lytta oppmerksamt, og leitte til han såg fuglen i greinene over hovudet sitt. "Tsjitikk, tsjitikk, tsjitikk", kvitra den vesle fuglen i det han flaug til det neste treet, og det neste. "Tsjitikk, tsjitikk, tsjitikk", kalla han, og stoppa innimellom for å forsikra seg om at Gingile følgde etter.

1

Etter ein halvtime nådde dei eit stort vilt fikentre. Ngede hoppa rundt som ein galen blant greinene. Han slo seg ned på ei grein og strekte hovudet mot Gingile som om han sa: "Her er det! Kom no! Kvifor brukar du så lang tid?" Gingile kunne ikkje sjå nokre bier frå under treet, men han stolte på Ngede.

2

Så Gingile la spydet sitt ned under treet og samla nokre tørre kvistar og tende eit lite bål. Då elden brann godt, stakk han ein lang, tørr kjepp inn i hjartet av bålet. Denne veden var kjend for å laga mykje røyk medan han brann. Han byrja å klatra medan han heldt den kjølege enden av kjeppen mellom tennene.

3

Snart kunne han høyra summinga til dei travle biene. Dei kom inn og ut av eit holrom i trestammen – bolet deira. Då Gingile nådde bolet, dytta han den rykande enden inn i holrommet. Biene fór ut, sinte og klare til angrep. Dei flaug bort sidan dei ikkje likte røyken – men ikkje før dei hadde gjeve Gingile nokre smertefulle stikk!

4

Då biene var ute, stakk Gingile handa si inn i bolet. Han tok ut handfuller med tunge vokskaker som draup av herleg honning og var fulle av feite, kvite larvar. Han la vokskakene forsiktig i veska han bar på skuldra og byrja å klatra ned frå treet.

5

Ngede såg ivrig på alt Gingile gjorde. Han venta på at han skulle leggja igjen ei tjukk vokskake som ei takkegåve til honningguiden. Ngede svinsa frå grein til grein, nærare og nærare bakken. Til slutt nådde Gingile foten av treet. Ngede sat på ein stein nær guten og venta på påskjøninga si.

6

Men Gingile sløkte bålet, plukka opp spydet, byrja å gå heim og oversåg fuglen. Ngede ropte sint: "SI-ger, SI-ger!" Gingile stoppa og stira på den vesle fuglen og lo høgt. "Du vil ha litt honning, du, vesle ven? Ha! Men eg gjorde alt arbeidet og fekk alle stikka. Kvifor skulle eg dela noko av denne herlege honningen med deg?" Ngede var rasande! Dette var då ingen måte å behandla han på! Men han skulle få hemnen sin.

7

Ein dag fleire veker seinare høyrde Gingile igjen kallet frå Ngede. Han hugsa den herlege honningen og følgde ivrig etter fuglen nok ein gong. Etter at han hadde leidd Gingile langs skogkanten, stoppa han for å kvila i eit stort akasietre. "Å", tenkte Gingile. "Bolet må vera i dette treet." Han tende raskt det vesle bålet sitt og byrja å klatra med den rykande greina mellom tennene. Ngede sat og venta.

8

Gingile klatra, men lurte på kvifor han ikkje høyrde den sedvanlege summinga. "Kanskje bolet er djupt inne i treet", tenkte han for seg sjølv. Han drog seg opp etter ei anna grein. Men i staden for bolet, stira han inn i auga til ein leopard! Leopard var veldig sint fordi søvnen hennar vart så brått avbrote. Ho kneip att auga og opna munnen for å visa dei veldig lange og skarpe tennene sine.

9

Før Leopard kunne svinga labben etter Gingile, skunda han seg ned frå treet. I hastverket bomma han på ei grein og landa med eit høgt brak på bakken og forstua ankelen. Han hinka vidare så fort han kunne. Heldigvis for han var Leopard enno for søvnig til å jaga han. Ngede, honningguiden, hadde fått hemnen sin. Og Gingile hadde fått seg ein lærepenge.

10

Og på den måten, når borna til Gingile høyrer forteljinga om Ngede, respekterer dei den vesle fuglen. Kvar gong dei sankar honning sørger dei for å gje den største delen av vokskaka til honningguiden!

11

Honningguidens hemn

Tekst: Zulu folktale
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.