Avgjerd

Landsbyen min hadde mange problem. Vi stilte oss på ei lang rekkje for å henta vatn frå ei pumpe.

1

Vi venta på mat som andre hadde gjeve oss.

2

Vi låste husa våre tidleg på grunn av tjuvar.

3

Mange born droppa ut av skulen.

4

Unge jenter jobba som hushjelper i andre landsbyar.

5

Unge gutar dreiv rundt i landsbyen medan andre jobba på gardane til folk.

6

Når vinden bles, vart papirbitar hengjande fast på tre og gjerde.

7

Folk skar seg på glasbrot som folk hadde slengt frå seg.

8

Så ein dag tørka vatnet i pumpa opp og behaldarane våre vart tomme.

9

Far min gjekk frå hus til hus for å be folk delta på eit folkemøte.

10

Folk samla seg under eit stort tre og lytta.

11

Far min reiste seg og sa: "Vi må samarbeida for å løysa problema våre."

12

Åtteårige Juma, som sat på stammen til eit tre, ropte: "Eg kan hjelpa til med å samla søppel."

13

Ei kvinne sa: "Kvinnene kan verta med meg og dyrka mat."

14

Ein annan mann reiste seg og sa: "Mennene skal grava ein brønn."

15

Vi ropte alle saman med éi stemme: "Vi må forandra liva våre." Frå den dagen samarbeidde vi for å løysa problema våre.

16

Avgjerd

Tekst: Ursula Nafula
Illustrasjonar: Vusi Malindi
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.