Anansi og visdomen

For lenge, lenge sidan visste ikkje folk nokon ting. Dei visste ikkje korleis ein dyrka jorda, dei kunne ikkje veva tøy eller laga reiskapar av jarn. Det var guden Nyame oppe i himmelen som hadde all visdomen i verda. Han gøymde den i ei leirkrukke.

1

Ein dag bestemte Nyame seg for å gje krukka med visdom til Anansi. Kvar gong Anansi såg i krukka lærde han noko nytt. Det var spennande!

2

Grådige Anansi tenkte: "Eg gøymer krukka i toppen av eit høgt tre. Sånn kan eg ha han heilt for meg sjølv!" Han spann ein lang tråd, batt han rundt leirkrukka og knytte han om livet. Og byrja å klatra. Men det var vanskeleg å klatra i treet med krukka som slo borti knea hans heile tida.

3

Den vesle sonen til Anansi hadde stått og sett på ved foten av treet. "Hadde det ikkje vore lettare å klatra med krukka på ryggen i staden?" sa han. Anansi prøvde å binda fast leirkrukka full av visdom på ryggen. Og då vart det jo mykje lettare.

4

Snart var han oppe i toppen av treet. Men så stussa han og tenkte: "Det var jo eg som skulle ha all denne visdomen, men no var sonen min lurare enn meg!" Anansi vart så sinna at han kasta krukka ned frå treet.

5

Ho gjekk i tusen knas på bakken. Då vart det fritt for alle å dela visdomen. Og slik lærte folk å dyrka jorda, veva klede og laga reiskapar av jarn, og alle dei andre tinga folk veit korleis dei skal laga.

6

Anansi og visdomen

Tekst: Ghanaian folktale
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.