Veslebroren min søv veldig seint. Eg vaknar tidleg, fordi eg er flink!
Eg er ho som slepp sola inn.
"Du er morgonstjerna mi", seier mamma.
Eg vaskar meg sjølv, eg vil ikkje ha hjelp.
Eg kan takla kaldt vann og blå stinkande såpe.
Mamma påminner, “Gløym ikkje tennene.” Eg svarar: "Aldri, ikkje eg!"
Etter kroppsvasken helsar eg på bestefar og tante og ynskjer dei ein god dag.
Så kler eg meg sjølv, "Eg er stor no, mamma,” seier eg.
Eg kan kneppa knappar og spenna skorne mine.
Og eg sørgjer at for veslebror kjenner alle skulenyhenda.
I klassa mi gjer eg mitt beste på alle måtar.
Eg gjer alle desse gode tinga kvar dag. Men det eg likar mest, er å leika og leika!
This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.
You can view the original story on the ASP website here