Voksborna

Det var ein gong ein lukkeleg familie.

1

Dei krangla aldri. Borna hjelpte foreldra sine heime og i åkeren.

2

Men dei fekk ikkje lov til å gå nær elden.

3

Dei måtte gjera alt arbeid om natta. Fordi dei var laga av voks!

4

Men éin av gutane lengta etter å gå ut i sollyset.

5

Ein dag vart lengsla for sterk. Brørne hans åtvara han.

6

Men det var for seint! Han smelta i den varme sola.

7

Voksborna vart leie seg av å sjå bror sin smelte bort.

8

Men dei la ein plan. Dei forma ein fugl av den smelta voksklumpen.

9

Dei tok med seg fuglebror sin opp på eit høgt fjell.

10

Og då sola steig, flaug han syngande inn i morgonlyset.

11

Voksborna

Tekst: Southern African Folktale
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.