Sakimas song

Sakima budde saman med foreldra sine og si fire år gamle syster. Dei budde på eigedomen til ein rik mann. Hytta deira hadde stråtak og låg ved enden av ei rad med tre.

1

Då Sakima var tre år gammal, vart han sjuk og miste synet. Sakima var ein gut med mange talent.

2

Sakima kunne mange ting som andre seksåringar ikkje kunne. Til dømes kunne han sitja med eldre landsbymedlemmar og diskutera viktige saker.

3

Sakima sine foreldre jobba i huset til den rike mannen. Dei drog tidleg om morgonen og kom tilbake seint på kvelden. Sakima vart igjen saman med veslesyster si.

4

Sakima elska å synga songar. Ein dag spurde mor hans han: "Kor har du lært desse songane, Sakima?"

5

Sakima svara: "Dei kjem berre, mamma. Eg høyrer dei i hovudet mitt og så syng eg."

6

Sakima likte å synga for veslesyster si, særleg viss ho var svolten. Syster hans brukte å høyra på at han song yndlingssongen sin. Ho rørde seg til den lindrande låten.

7

"Kan du synga han igjen og igjen, Sakima?" brukte syster hans å be han. Sakima aksepterte og song han igjen og igjen.

8

Ein kveld då foreldra hans kom heim, var dei veldig stille. Sakima visste at noko var gale.

9

"Kva er i vegen, mamma, pappa?" spurde Sakima. Sakima fekk vita at sonen til den rike mannen var borte. Mannen var veldig lei seg og einsam.

10

"Eg kan synga for han. Kanskje han vert glad igjen", sa Sakima til foreldra sine. Men foreldra hans avfeia han. "Han er veldig rik. Du er berre ein blind gut. Trur du songen din kjem til å hjelpa han?"

11

Likevel gav ikkje Sakima opp. Veslesyster hans støtta han. Ho sa: "Songane til Sakima er lindrande når eg er svolten. Dei kjem til å verka lindrande på den rike mannen òg."

12

Neste dag bad Sakima veslesyster si om å leia han til huset til den rike mannen.

13

Han stod nedanfor eit stort vindauge og byrja å synga favorittsongen sin. Sakte byrja hovudet til den rike mannen å visa seg gjennom det store vindauget.

14

Arbeidarane stoppa det dei heldt på med. Dei høyrde på den vene songen til Sakima. Men éin mann sa: "Ingen har vore i stand til å trøysta sjefen. Trur denne blinde guten at han kan trøysta han?"

15

Sakima var ferdig med å synga songen og snudde seg for å dra. Men den rike mannen skunda seg ut og sa: "Ver så snill og syng igjen."

16

I same augneblink kom det to menn berande på ei båre. Dei hadde funne sonen til den rike mannen banka opp og forlaten i vegkanten.

17

Den rike mannen var veldig glad for å sjå sonen sin igjen. Han lønte Sakima for at han trøysta han. Han tok sonen sin og Sakima med til sjukehuset slik at Sakima kunne få synet tilbake.

18

Sakimas song

Tekst: Ursula Nafula
Illustrasjonar: Peris Wachuka
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.