Det systera til Vusi sa

Tidleg ein morgon ropte bestemora til Vusi på han: "Vusi, ver snill og ta med dette egget til foreldra dine. Dei vil laga ei stor kake til bryllaupet til syster di."

1

På veg til foreldra sine møtte Vusi to gutar som plukka frukt. Éin gut snappa egget frå Vusi og kasta det på eit tre. Egget knuste.

2

"Kva har du gjort?" ropte Vusi. "Det egget var meint for ei kake. Kaka var til bryllaupet til syster mi. Kva kjem syster mi til å seia viss det ikkje vert noka bryllaupskake?"

3

Gutane var lei seg for at dei erta Vusi. "Vi kan ikkje hjelpa deg med kaka, men her er ein kjepp til syster di", sa han eine. Vusi heldt fram på reisa.

4

På vegen møtte han to menn som bygde eit hus. "Kan vi bruka den sterke kjeppen?" spurde han eine. Men kjeppen var ikkje sterk nok for bygningen, så han knakk.

5

"Kva har du gjort?" ropte Vusi. "Den kjeppen var ei gåve til syster mi. Fruktplukkarane gav meg den kjeppen fordi dei knuste egget som var meint for kaka. Kaka var meint for bryllaupet til syster mi. No er det ikkje noko egg, ikkje noka kake, og ikkje noka gåve. Kva kjem syster mi til å seia?"

6

Bygningsarbeidarane var leie seg for at dei knakk kjeppen. "Vi kan ikkje hjelpa deg med kaka, men her er litt halmtekke for huset til syster di", sa den eine. Og slik heldt Vusi fram på reisa.

7

På vegen møtte Vusi ein bonde og ei ku. "For noko herleg halm, kan eg få ein smakebit?" spurde kua. Men halmen smakte så godt at kua åt opp alt!

8

"Kva har du gjort?" ropte Vusi. "Den halmen var ei gåve til syster mi. Bygningsarbeidarane gav meg den halmen fordi dei knakk kjeppen frå fruktplukkarane. Fruktplukkarane gav meg kjeppen fordi dei knuste egget meint for kaka til syster mi. Kaka var meint for bryllaupet til syster mi. No er det ikkje noko egg, ikkje noka kake, og ikkje noka gåve. Kva kjem syster mi til å seia?"

9

Kua var lei seg for at ho var grådig. Bonden vart samd i at kua skulle følgja med Vusi som ei gåve til syster hans. Og slik heldt Vusi fram.

10

Men kua sprang tilbake til bonden rundt middagstid. Og Vusi gjekk seg vill på reisa. Han kom fram veldig seint til bryllaupet til syster si. Gjestene var allereie i gang med å eta.

11

"Kva skal eg gjera?" ropte Vusi. "Den kua som sprang bort var ei gåve til gjengjeld for halmen som bygningsarbeidarane gav meg. Bygningsarbeidarane gav meg halmen fordi dei knakk kjeppen frå fruktplukkarane. Fruktplukkarane gav meg kjeppen fordi dei knuste egget som var meint for kaka. Kaka var meint for bryllaupet. No er det ikkje noko egg, ikkje noka kake, og ikkje noka gåve."

12

Systera til Vusi tenkte eit bel, så sa ho: "Vusi, kjære bror, eg bryr meg verkeleg ikkje om gåver. Eg bryr meg ikkje ein gong om kaka! Vi er alle saman samla her, så eg er glad. Så ta på deg nokre fine klede og la oss feira denne dagen!" Så det var det Vusi gjorde.

13

Det systera til Vusi sa

Tekst: Nina Orange
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.