Herr Fluge og Herr Storhovud

Dette er herr Fluge.

1

Dette er herr Storhovud.

2

Herr Storhovud og herr Fluge var vener. Ein dag gjekk dei ein tur saman.

3

Dei kom til ei elvebreidde og byrja å krangla.

Herr Fluge sa: "Du kan ikkje hoppa over denne elva." "Jo, eg kan det! Det er du som ikkje kan!" svarte herr Storhovud.

4

"Hopp du!" sa herr Fluge. "Nei, hopp du først," sa her Storhovud. Så her Fluge flaug over elva.

5

Så hoppa herr Storhovud inn i elva. Men hovudet hans var så stort at han byrja å søkka.

6

Herr Fluge lo: "Ha, ha, ha!" Men han lo så mykje at munnen hans rakna frå han eine sida til den andre!

7

Herr Fluge og Herr Storhovud

Tekst: Dorothy Fetaru
Illustrasjonar: Joshua Waswa
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.