På ferie hos bestemor

Odongo og Apiyo budde i byen med far sin. Dei såg fram til ferien. Ikkje berre fordi skulen var slutt, men fordi dei skulle vitja bestemor si. Ho budde i ein fiskarlandsby nær ein stor innsjø.

1

Odongo og Apiyo var begeistra fordi det var på tide å vitja bestemor igjen. Kvelden før pakka dei veskene sine og gjorde seg klare for den lange reisa til landsbyen hennar. Dei fekk ikkje sova og dei snakka heile natta om ferien.

2

Tidleg neste morgon drog dei til landsbyen i bilen til far sin. Dei køyrde forbi fjell, ville dyr og teplantasjar. Dei talde bilar og song songar.

3

Etter eit bel vart borna trøytte og sovna.

4

Faren vekte Odongo og Apiyo i det dei kom til landsbyen. Dei fann Nyar-Kanyada, bestemor si, som kvilte på ei matte under eit tre. På luo tyder Nyar-Kanyada "dottera til Kanyada-folket." Ho var ei sterk og ven kvinne.

5

Nya-Kanyada ynskte dei velkomen og dansa rundt i rommet medan ho song av glede. Barneborna hennar var begeistra over å overrekka gåvene dei hadde teke med frå byen. "Opne gåva mi først", sa Odongo. "Nei, gåva mi først!" sa Apiyo.

6

Etter at ho hadde opna gåvene, velsigna Nyar-Kanyada barneborna sine på tradisjonelt vis.

7

Så gjekk Odongo og Apiyo ut. Dei jaga sommarfuglar og fuglar.

8

Dei klatra i tre og plaska i vatnet i innsjøen.

9

Då det vart mørkt, gjekk dei tilbake til huset for å eta middag. Før dei vart ferdige med å eta byrja dei å falla i søvn!

10

Dagen etter køyrde far deira tilbake til byen og lét dei vera igjen hos Nyar-Kanyada.

11

Odongo og Apiyo hjelpte bestemor si med gjeremåla i huset. Dei henta vatn og ved. Dei samla egg frå hønene og plukka grønsaker frå kjøkkenhagen.

12

Nyar-Kanyada lærde barneborna sine korleis dei skulle laga mjuk ugali for å eta saman med ein gryterett. Ho viste dei korleis dei skulle laga kokosris for å eta saman med grilla fisk.

13

Ein morgon tok Odongo kyrne til bestemor si ut for å beita. Dei sprang inn på garden til ein nabo. Bonden vart sint på Odongo. Han truga med å halda på kyrne sidan dei åt avlinga hans. Etter den dagen sørgde guten for at kyrne ikkje skapte trøbbel igjen.

14

Ein annan dag drog borna til marknadsplassen saman med Nyar-Kanyada. Ho hadde ei bu der ho selde grønsaker, sukker og såpe. Apiyo likte å fortelja kundane prisen på varene. Odongo pakka varene som kundane kjøpte.

15

Då dagen var omme, drakk dei krydra te saman. Dei hjelpte bestemor med å telja pengane ho hadde tent.

16

Men snart var ferien over og borna måtte dra tilbake til byen. Nyar-Kanyada gav Odongo ei skuggelue og Apiyo ein genser. Ho pakka mat for reisa deira.

17

Då far deira kom for å henta dei, ville dei ikkje dra. Borna trygla Nyar-Kanyada om å verta med dei til byen. Ho smilte og sa: "Eg er for gammal for byen. Eg skal venta på at de kjem tilbake til landsbyen min."

18

Odongo og Apiyo klemde henne hardt og tok farvel.

19

Då Odongo og Apiyo drog tilbake til skulen, fortalde dei venene sine om livet på landet. Nokre born syntest at livet i byen var godt. Andre syntest at landet var betre. Men viktigast av alt var at alle var samde i at Odongo og Apiyo hadde ei fantastisk bestemor!

20

På ferie hos bestemor

Tekst: Violet Otieno
Illustrasjonar: Catherine Groenewald
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.