Fotballhelten Andiswa

Andiswa såg på at gutane spela fotball. Ho ville så gjerne vera med! Ho spurde trenaren om ho kunne få trena saman med dei.

1

Trenaren sette hendene i sida. "På skulen her får berre gutar spela fotball", sa han.

2

Gutane sa at ho skulle gå og spela nettball. Dei sa at nettball er for jenter og fotball er for gutar. Andiswa vart sint.

3

Dagen etter var det ein stor fotballkamp på skulen. Trenaren var bekymra fordi den beste spelaren på laget var sjuk og kunne ikkje spela.

4

Andiswa sprang bort til trenaren og trygla om å få lov til å spela. Kva skulle han svara? Han bestemte å la Andiswa vera med på laget.

5

Det vart ein hard kamp. Ingen hadde skåra mål etter første omgang.

6

I andre omgang sentra ein gut ballen til Andiswa. Ho sprang mot målet, klinte til ballen og skåra.

7

Publikum var frå seg av glede. Sidan den dagen fekk jenter òg spela fotball på skulen.

8

Fotballhelten Andiswa

Tekst: Eden Daniels
Illustrasjonar: Eden Daniels
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo