Eselbarnet

Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne.

1

Etter kvart som skikkelsen kom nærare, såg ho at det var ei høggravid kvinne.

2

Sjenert, men modig gjekk den vesle jenta nærare kvinna. "Vi må halda på henne her hos oss", bestemte dei som var med den vesle jenta. "Vi skal verna henne og barnet hennar."

3

Barnet var snart på veg. "Trykk!" "Hent pledd!" "Vatn!" "Tryyyykk!"

4

Men då dei fekk sjå babyen, veik alle tilbake i sjokk. "Eit esel?"

5

Alle saman byrja å krangla. "Vi sa vi skulle verna mor og barn, og det skal vi gjera", sa nokon. "Men dei kjem til å bringa ulukke!" sa andre.

6

Og slik var det at kvinna vart åleine igjen. Ho lurte på kva ho skulle gjera med dette rare barnet. Ho lurte på kva ho skulle gjera med seg sjølv.

7

Men til slutt godtok ho at han var barnet hennar og at ho var mor hans.

8

Viss berre barnet hadde halde på den vesle storleiken, hadde alt kanskje vore annleis. Men eselbarnet voks og voks heilt til han ikkje lenger fekk plass på ryggen til mora. Og uansett kor hardt han freista, klarte han ikkje å oppføra seg som eit menneske. Mor hans var ofte sliten og frustrert. Nokre gongar sette ho han til å gjera arbeid som var meint for dyr.

9

Esel vart fylt av forvirring og sinne. Han kunne ikkje gjera ditt og han kunne ikkje gjera datt. Han kunne ikkje vera på éin måte og han kunne ikkje vera på ein annan måte. Han vart så sint at han ein dag sparka ned huset til mor si.

10

Esel skamma seg. Han byrja å springa vekk så fort han kunne.

11

Når han hadde slutta å springa, var det vorte kveld, og Esel hadde gått seg vill. "Hi ha", kviskra han inn i mørket. "Hi ha?" lydde ekkoet. Han var åleine. Han krøkte seg saman til ein liten ball og fall i ein djup og forstyrra søvn.

12

Esel vakna opp til ein merkeleg gammal mann som stira ned på han. Han såg inn i auga til den gamle mannen og byrja å kjenna ein snev av håp.

13

Esel drog for å bu med den gamle mannen, som lærte han mange ulike måtar å overleva på. Esel lytta og lærte, og det gjorde den gamle mannen òg. Dei hjelpte kvarandre og dei lo saman.

14

Ein morgon bad den gamle mannen Esel om å bera han opp til toppen av eit fjell.

15

Høgt oppe blant skyene sovna dei. Esel drøymde at mor hans var sjuk og ropte på han. Og då han vakna ...

16

... hadde skyene forsvunne, liksom venen hans, den gamle mannen.

17

Esel visste endeleg kva han skulle gjera.

18

Esel fann mor si som var åleine, og sørgde over tapet av barnet sitt. Dei stira på kvarandre lengje. Og så klemde dei kvarandre veldig hardt.

19

Eselbarnet og mor hans har utvikla seg i fellesskap og funne mange måtar å leva side ved side. Sakte men sikkert har andre familiar byrja å slå seg ned rundt dei.

20

Eselbarnet

Tekst: Lindiwe Matshikiza
Illustrasjonar: Meghan Judge
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.