Høne og Ørn

Det var ein gong Høne og Ørn var vener. Dei levde i fred med alle dei andre fuglane. Ingen av dei kunne fly.

1

Ein gong var det hungersnød i landet. Ørn måtte gå veldig langt for å finna mat. Ho var veldig trøytt då ho kom tilbake. "Det må vera ein lettare måte å reisa på", sa Ørn.

2

Etter ei god natts søvn fekk Høne ein lys idé. Ho byrja å samla saman fjør som hadde falle frå alle fuglevenene deira. "La oss sy dei fast utanpå fjørene våre", sa ho. Kanskje det vert lettare å reisa då.

3

Det var berre Ørn i landsbyen som hadde ei synål, så ho byrja først å sy. Ho laga seg eit par nydelege vengar og flaug høgt i sky. Høne lånte nåla, men vart fort trøytt av å sy. Ho la nåla i skapet og gjekk for å laga mat til borna sine.

4

Men dei andre fuglane hadde sett Ørn som flaug av garde. Dei bad Høne om å få låna nåla for å sy vengar til seg sjølve òg. Snart flaug det fuglar overalt under himmelen.

5

Då den siste fuglen leverte tilbake nåla dei hadde lånt, var ikkje Høne der. Så borna hennar tok nåla og byrja å leika med ho. Då dei vart lei av å leika, lét dei nåla liggja att i sanden.

6

Seinare den ettermiddagen kom Ørn tilbake. Ho bad om nåla for å festa nokre fjør som hadde losna på turen. Høne leitte i skapet. Ho leitte på kjøkkenet. Ho leitte i gardsplassen. Men nåla var ikkje å sjå nokon stad.

7

"Gje meg berre ein dag", bønnfall Høne Ørn. "Så kan du reparera vengen din og finna mat igjen." "Berre éin dag til", sa Ørn. "Finn du ikkje nåla må du gje meg ein av kyllingane dine som betaling."

8

Då Ørn kom att dagen etter, såg ho Høne som rota i sanden, men ingen nål. Så Ørn stupte lynraskt ned, fanga ein av kyllingane og drog av garde med han. Sidan den gongen ser Ørn alltid at Høne rotar i sanden etter nåla når ho dukkar opp.

9

Når Ørn si venge kastar skuggen sin på bakken, varslar Høne kyllingane sine: "Kom dykk vekk frå den opne plassen." Og dei svarar: "Vi er ikkje dumme. Vi skal springe."

10

Høne og Ørn

Tekst: Ann Nduku
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.