Høne og Tusenbein

Høne og Tusenbein var vener. Men dei likte alltid å konkurrera. Ein dag spelte dei fotball for å sjå kven som var den beste spelaren.

1

Dei drog til fotballbanen og starta kampen. Høne var rask, men Tusenbein var raskare. Høne sparka langt, men Tusenbein sparka lengre. Høne vart surare og surare.

2

Dei bestemte seg for å ha ein straffekonkurranse. Først var Tusenbein keeper. Høne skåra berre eitt mål. Så var det Høne sin tur til å forsvara målet.

3

Tusenbein sparka ballen og skåra. Tusenbein dribla ballen og skåra. Tusenbein heada ballen og skåra. Fem mål skåra Tusenbein.

4

Høne vart sint fordi ho tapte. Ho var ein veldig dårleg tapar. Tusenbein byrja å le av venen som laga så mykje oppstyr.

5

Høne var så sint at ho opna nebbet og slukte Tusenbein.

6

Då Høne gjekk heimover, møtte ho Mor Tusenbein. "Har du sett barnet mitt?" spurde Mor Tusenbein. Høne sa ikkje noko. Mor Tusenbein vart uroleg.

7

Så høyrde Mor Tusenbein ei svak stemme: "Mamma, hjelp meg!" Mor Tusenbein såg seg rundt og lytta spent. Lyden kom frå inni høna.

8

Mor Tusenbein ropte: "Bruk det trikset du kan, barnet mitt!" Tusenbein kan laga ei dårleg lukt og ein sånn fæl smak. Høne kjende at ho vart dårleg.

9

Høne kasta opp. Og svelgde og spytta. Så naus og hosta ho. Og kasta opp. Tusenbeinet var ufyseleg.

10

Høne hosta til ho kasta opp tusenbeinet som var i magen. Mor Tusenbein og barnet hennar klatra opp i eit tre for å gøyma seg.

11

Sidan den gongen har høner og tusenbein vore fiendar.

12

Høne og Tusenbein

Tekst: Winny Asara
Illustrasjonar: Magriet Brink
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.