Kvifor flodhestar ikkje har hår

Ein dag gjekk Kanin langs elvebreidda.

1

Flodhest var der òg. Ho gjekk ein tur og åt litt fint grønt gras.

2

Flodhest såg seg ikkje for, så ho var uheldig og trakka på foten til Kanin. Kanin skreik og byrja å ropa til Flodhest: "Hei, Flodhest! Ser du ikkje at du trakkar på foten min?"

3

Flodhest bad om unnskyldning til Kanin: "Eg er lei meg, venen min, eg såg deg ikkje. Ver så snill å tilgje meg!" Men Kanin ville ikkje høyra, og han ropte til Flodhest: "Du gjorde det med vilje! Ein dag kjem du til å få sjå! Dette kjem til å straffa seg!"

4

Då drog Kanin for å finna Eld, og han sa: "Dra og brenn Flodhest når ho kjem ut av vatnet for å eta gras. Ho trakka på meg!" Eld svara: "Ikkje noko problem, Kanin, venen min. Eg skal gjera akkurat det du bad meg om."

5

Seinare åt Flodhest gras langt frå elvebreidda då det plutseleg sa "svisj!" Eld vart til flammar. Flammane byrja å brenna håret til Flodhest.

6

Flodhest byrja å gråta og sprang mot vatnet. Alt håret hennar brann opp i elden. Flodhest gret: "Håret mitt har brunne opp i elden! Du brann alt håret mitt! Håret mitt er borte! Det vene, vakre håret mitt!"

7

Kanin var glad for at håret til Flodhest brann. Og den dag i dag, av frykt for elden, går ikkje flodhesten langt frå vatnet.

8

Kvifor flodhestar ikkje har hår

Tekst: Basilio Gimo, David Ker
Illustrasjonar: Carol Liddiment
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.