Khalai snakkar med plantene

Dette er Khalai. Ho er sju år gammal. Namnet hennar tyder "den gode" på språket hennar, lubukusu.

1

Khalai vaknar opp og snakkar med appelsintreet. "Ver så snill, appelsintre, veks deg stor og gje oss mange modne appelsinar."

2

Khalai går til skulen. På vegen snakkar ho med graset. "Ver så snill, gras, veks grønare og ikkje tørk ut."

3

Khalai går forbi ville blomar. "Ver så snill, blomar, hald fram å blomstra så eg kan setja blomar i håret."

4

På skulen snakkar Khalai med treet midt i skulegarden. "Ver så snill, tre, voks ut store greiner såg vi kan lesa under skuggen din."

5

Khalai snakkar med hekken rundt skulen sin. "Ver så snill, veks deg stor og stopp uvedkomande frå å koma inn."

6

Når Khalai kjem heim frå skulen, vitjar ho appelsintreet. "Er appelsinane dine modne enno?" spør Khalai.

7

"Appelsinane er enno grøne", sukkar Khalai. "Vi sest i morgon, appelsintre", seier Khalai. "Kanskje du har ein moden appelsin til meg då!"

8

Khalai snakkar med plantene

Tekst: Ursula Nafula
Illustrasjonar: Jesse Pietersen
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.