Geit, Hund og Ku

Geit, Hund og Ku var gode vener. Ein dag drog dei på tur med ein buss.

1

Då dei kom fram, bad sjåføren dei om å betala for billetten sin. Ku betalte for billetten sin.

2

Hund betalte litt ekstra fordi han ikkje hadde akkurat med pengar.

3

Sjåføren skulle akkurat til å gje Hund vekslepengane då Geit stakk av utan å betala.

4

Sjåføren vart veldig sur. Han køyrde av garde utan å gje vekslepengane tilbake til Hund.

5

Det er difor Hund, sjølv i dag, spring mot bilar for å sjekka om han ser sjåføren som skuldar han vekslepengar.

6

Geit stikk når ho høyrer lyden av ein bil. Ho er redd for at ho vil bli arrestert for ikkje å ha betalt for billetten.

7

Og Ku bryr seg ikkje når det kjem ein bil. Ku brukar god tid når ho kryssar vegen fordi ho veit at ho betalte for heile billetten sin.

8

Geit, Hund og Ku

Tekst: Fabian Wakholi
Illustrasjonar: Marleen Visser
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.