Download PDF
Back to stories list

Høne og Tusenbein Chicken and Millipede

Written by Winny Asara

Illustrated by Magriet Brink

Translated by Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

Read by Kristofer Olai Ravn Stavseng

Language Norwegian (Nynorsk)

Level Level 3

Narrate full story

Reading speed

Autoplay story


Høne og Tusenbein var vener. Men dei likte alltid å konkurrera. Ein dag spelte dei fotball for å sjå kven som var den beste spelaren.

Chicken and Millipede were friends. But they were always competing with each other. One day they decided to play football to see who the best player was.


Dei drog til fotballbanen og starta kampen. Høne var rask, men Tusenbein var raskare. Høne sparka langt, men Tusenbein sparka lengre. Høne vart surare og surare.

They went to the football field and started their game. Chicken was fast, but Millipede was faster. Chicken kicked far, but Millipede kicked further. Chicken started to feel grumpy.


Dei bestemte seg for å ha ein straffekonkurranse. Først var Tusenbein keeper. Høne skåra berre eitt mål. Så var det Høne sin tur til å forsvara målet.

They decided to play a penalty shoot-out. First Millipede was goal keeper. Chicken scored only one goal. Then it was the chicken’s turn to defend the goal.


Tusenbein sparka ballen og skåra. Tusenbein dribla ballen og skåra. Tusenbein heada ballen og skåra. Fem mål skåra Tusenbein.

Millipede kicked the ball and scored. Millipede dribbled the ball and scored. Millipede headed the ball and scored. Millipede scored five goals.


Høne vart sint fordi ho tapte. Ho var ein veldig dårleg tapar. Tusenbein byrja å le av venen som laga så mykje oppstyr.

Chicken was furious that she lost. She was a very bad loser. Millipede started laughing because his friend was making such a fuss.


Høne var så sint at ho opna nebbet og slukte Tusenbein.

Chicken was so angry that she opened her beak wide and swallowed the millipede.


Då Høne gjekk heimover, møtte ho Mor Tusenbein. «Har du sett barnet mitt?» spurde Mor Tusenbein. Høne sa ikkje noko. Mor Tusenbein vart uroleg.

As Chicken was walking home, she met Mother Millipede. Mother Millipede asked, “Have you seen my child?” Chicken didn’t say anything. Mother Millipede was worried.


Så høyrde Mor Tusenbein ei svak stemme: «Mamma, hjelp meg!» Mor Tusenbein såg seg rundt og lytta spent. Lyden kom frå inni høna.

Then Mother Millipede heard a tiny voice. “Help me mom!” cried the voice. Mother Millipede looked around and listened carefully. The voice came from inside the chicken.


Mor Tusenbein ropte: «Bruk det trikset du kan, barnet mitt!» Tusenbein kan laga ei dårleg lukt og ein sånn fæl smak. Høne kjende at ho vart dårleg.

Mother Millipede shouted, “Use your special power my child!” Millipedes can make a bad smell and a terrible taste. Chicken began to feel ill.


Høne kasta opp. Og svelgde og spytta. Så naus og hosta ho. Og kasta opp. Tusenbeinet var ufyseleg.

Chicken burped. Then she swallowed and spat. Then she sneezed and coughed. And coughed. The millipede was disgusting!


Høne hosta til ho kasta opp tusenbeinet som var i magen. Mor Tusenbein og barnet hennar klatra opp i eit tre for å gøyma seg.

Chicken coughed until she coughed out the millipede that was in her stomach. Mother Millipede and her child crawled up a tree to hide.


Sidan den gongen har høner og tusenbein vore fiendar.

From that time, chickens and millipedes were enemies.


Written by: Winny Asara
Illustrated by: Magriet Brink
Translated by: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Read by: Kristofer Olai Ravn Stavseng
Language: Norwegian (Nynorsk)
Level: Level 3
Source: Chicken and Millipede from African Storybook
Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 International License.
Options
Back to stories list Download PDF