تحميل بصيغة PDF
العودة لقائمة القصص

Simbegwire سمبقواير

كُتِب بواسطة Rukia Nantale

رسمة بواسطة Benjamin Mitchley

بترجمة Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand

قرأه Kristofer Olai Ravn Stavseng

لغة النرويجية (نينوشك)

مستوى المستوى 5

سرد للقصة كاملة

سرعة القراءة

تشغيل تلقائي للقصة


Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for å ta hand om dotter si. Litt etter litt vart dei lukkelege igjen, utan Simbegwire si mor. Kvar morgon sat dei og snakka om dagen som låg føre dei. Kvar kveld laga dei middag saman. Etter at dei hadde teke oppvasken, hjelpte Simbegwire sin far henne med leksene.

توفيت أم سمبقواير، فحزنت البنت حزنا شديدا. فعل أبوها كل ما في وسعه للعناية بها، فبدآ رويدا رويدا يسترجعان معا شعورهما بالفرح رغم غياب الأم. كانا يجلسان كل صباح ويتناقشان فيما سيفعلانه خلال اليوم. وفي المساء، كانا يحضران العشاء معا ويغسلان الأطباق ثم يقوم أب سمبقواير بمساعدتها في القيام بفروضها المنزلية.


Ein dag kom Simbegwire sin far heim seinare enn vanleg. «Kor er du, jenta mi?» ropte han. Simbegwire sprang til far sin. Ho stoppa opp då ho såg at han heldt ei dame i handa. «Eg vil at du skal møta ei spesiell kvinne, jenta mi. Dette er Anita», sa han og smilte.

وفي يوم من الأيام، عاد أب سمبقواير إلى المنزل متأخرا على غير عادته وهتف: “أين أنت صغيرتي؟”. أسرعت سمبقواير لاستقبال أبيها غير أنها توقفت فجأة عند ما رأت والدها يمسك بيد امرأة لا تعرفها. قال الأب مبتسما: “صغيرتي، أريدك أن تلتقي بشخص مميز … هذه أنيتا”.


«Hei Simbegwire, far din har fortalt meg mykje om deg», sa Anita. Men ho smilte ikkje og tok ikkje handa til jenta. Simbegwire sin far var glad og begeistra. Han snakka om at dei tre skulle bu saman, og kor godt dei skulle få det. «Jenta mi, eg håpar du vil akseptera Anita som mor di», sa han.

قالت أنيتا: “أهلا سمبقواير. لقد حدثني أبوك عنك كثيرا”، غير أنها لم تبتسم ولم تمسك بيد سمبقواير. وكان أب سمبقواير فرحا متحمسا، يتحدث عن حياتهم الثلاثة معا وكيف أنها ستكون رائعة وسعيدة. ثم أضاف: “صغيرتي، أرجو أن تقبلي أنيتا كأم لك”.


Livet til Simbegwire forandra seg. Ho hadde ikkje lenger tid til å sitja saman med far sin om morgonen. Anita gav henne så mykje husarbeid at ho vart for sliten til å gjera leksene om kvelden. Ho gjekk rett til sengs etter middag. Den einaste trøysta ho hadde var eit fargerikt teppe mor hennar hadde gjeve henne. Det verka ikkje som Simbegwire sin far merka at dotter hans var ulykkeleg.

تغيرت حياة سمبقواير ولم يعد لديها الوقت لتجلس لأبيها كل صباح. فقد كانت أنيتا تكلفها بأعمال منزلية كثيرة ترهقها وتمنعها من القيام بواجباتها المدرسية عند المساء. لذلك كانت سمبقواير تنام مباشرة بعد إنهاء الأعمال المنزلية. كان عزاءها الوحيد غطاء ملون منحتها إياه أمها قبل وفاتها. أما الأب فلم يكن بادياً عليه أنه لاحظ حزن ابنته.


Etter nokre månader fortalde Simbegwire sin far dei at han skulle vera borte eit bel. «Eg må reisa på grunn av jobben min», sa han. «Men eg veit at de kjem til ta vare på kvarandre.» Simbegwire såg trist ut, men faren la ikkje merke til det. Anita sa ikkje noko. Ho var ikkje glad ho heller.

وبعد بضعة أشهر أعلم الأب زوجته وابنته أنه سيبتعد لبعض الوقت. قال لهما: “سأسافر للقيام ببعض الأعمال. لكنني على ثقة من أنكما ستعتنيان ببعضكما.” تغير وجه سمبقواير لكن أباها لم يلحظ ذلك. أنيتا أيضا لم تكن سعيدة بهذا الخبر لكنها لم تنبس بكلمة.


Ting vart berre vondare for Simbegwire. Viss ho ikkje gjorde ferdig husarbeidet, eller klaga, slo Anita henne. Og under middagen åt Anita det meste av maten, slik at Simbegwire berre fekk nokre få restar. Kvar natt gret Simbegwire til ho fall i søvn medan ho klemde rundt teppet frå mor si.

تدهورت حياة سمبقواير، فقد كانت أنيتا تضربها كلما اشتكت أو أنها لم تتمكن من إنهاء العمل الذي كلفتها به. أما عند العشاء فقد كانت أنيتا تستأثر لنفسها بالكمية الأكبر من الأكل ولا تترك لسمبقواير غير الفُتات. كانت سمبقواير تنام كل ليلة باكية، محتضنة الغطاء الذي أهدتها إياه أمها.


Ein morgon brukte Simbegwire lang tid på å stå opp. «Din lathans!» ropte Anita. Ho drog Simbegwire ut av senga. Teppet ho var så glad i sat fast på ein spikar og rakna.

وفي إحدى الأيام استيقظت سمبقواير متأخرة فصرخت أنيتا بوجهها: “أنت … أيتها البنت الكسولة” ودفعتها بقوة خارج السرير فعلق الغطاء الثمين بمسمار وتمزق إلى نصفين.


Simbegwire var veldig opprørt. Ho bestemte seg for å rømma. Ho tok bitane frå teppet til mora, pakka litt mat og drog av garde. Ho følgde den same vegen som far hennar hadde teke.

غضبت سمبقواير غضباً شديداً وقررت الهروب من المنزل. فأخذت جُزْءَيْ الغطاء وبعضاً من الطعام وغادرت المنزل متبعة الطريق التي سلكها أبوها.


Då kvelden kom, klatra ho opp i eit høgt tre ved ein bekk og reidde seg ei seng i greinene. Då ho gjekk og la seg, song ho: «Mamma, mamma, mamma, du forlét meg. Du forlét meg og kom aldri tilbake. Pappa er ikkje glad i meg lenger. Mamma, når kjem du tilbake? Du forlét meg.»

عندما أقبل المساء، تسلقت الفتاة شجرةً باسقةً على ضفة نهر وجعلت لنفسها سريراً بين أغصانها وبدأت تغني وهي تستعد للنوم: “ما ما، ماما، ماما، لقد تركتني … تركتني ولن تعودي أبدا. أبي لم يعد يحبني. ماما متى ستعودين؟”


Neste morgon song Simbegwire songen igjen. Då kvinnene kom for å vaska kleda sine i bekken, høyrde dei den triste songen frå høgt oppe i treet. Dei trudde det berre var vinden som rasla med blada og heldt fram med arbeidet sitt. Men éi av kvinnene høyrde veldig nøye på songen.

ومن الغد غنت سمبقواير نفس الأغنية من جديد عندما كان بعض النسوة يغسلن الثياب بماء النهر. ولما سمعن الأغنية الحزينة تَصِلُهنَّ من أعلى الشجرة، ظنن أنها لا تعدو أن تكون وشوشة الريح في أوراق الشجرة وواصلن عملهن متجاهلات ما سمعن. لكن إحداهن استمعت إلى الأغنية بانتباه شديد.


Denne kvinna såg opp i treet. Då ho såg jenta og bitane av det fargerike teppet, ropte ho: «Simbegwire, dottera til bror min!» Dei andre kvinnene stoppa å vaska og hjelpte Simbegwire med å klatra ned frå treet. Tanta hennar gav den vesle jenta ein klem og prøvde å trøysta henne.

رفعت المرأة نظرها إلى أعلى الشجرة، وعندما رأت الفتاة وقطعتَيْ الغطاء الملونتين صاحت: “سمبقواير … ابنة أخي!”. توقفت بقية النساء عن غسل الثياب وساعدن سمبقواير على النزول من أعلى الشجرة. عانقت العمة الطفلة الصغيرة وحاولت مواساتها.


Tanta til Simbegwire tok med seg barnet til sitt eige hus. Ho gav Simbegwire varm mat, og la henne til å sova med teppet til mor si. Den natta gret Simbegwire idet ho sovna. Men det var fordi ho var så letta. Ho visste at tanta hennar ville ta seg av henne.

أخذت العمة الصغيرة معها إلى منزلها وقدمت لها طعاما ساخنا ووضعتها في سرير لتنام وغطاء أمها معها. ليلتها بكت سمبقواير قبل أن تنام لكنها كانت دموع فرح وسعادة، إذ أنها أدركت بأن عمتها سوف تعتني بها.


Då Simbegwire sin far kom heim, såg han at rommet hennar var tomt. «Kva har skjedd, Anita?» spurde han bekymra. Kvinna svara at Simbegwire hadde stukke av. «Eg ville at ho skulle respektera meg», sa ho. «Men kanskje eg var for streng.» Simbegwire sin far forlét huset og gjekk i retning av bekken. Han heldt fram til landsbyen til syster si for å finna ut om ho hadde sett Simbegwire.

عندما عاد أب سمبقواير إلى المنزل، وجد غرفتها خالية. انزعج الأب وسأل أنيتا عن ابنته وقلبه مثقل بالحزن: “أنيتا، ما الذي حصل؟” أجابت أنيتا بأن سمبقواير قد هربت من المنزل، مضيفة: “كنت أريدها أن تحترمني: لكن أظن أنني قد قسوت عليها بعض الشيء”. غادر الأب البيت مسرعاً في اتجاه النهر، وواصل طريقه نحو بيت أخته، أملا في أن تكون قد رأت سمبقواير.


Simbegwire leikte med fetrane og kusinene sine då ho såg far sin på lang avstand. Ho var redd han skulle verta sint, så ho sprang inn i huset og gøymde seg. Men far hennar gjekk til henne og sa: «Simbegwire, du har funne den beste mora i verda. Ei som er glad i deg og forstår deg. Eg er stolt av deg og glad i deg.» Dei vart samde om at Simbegwire skulle verta buande hos tanta si så lenge ho ville.

كانت سمبقواير تلعب مع أبناء عمتها عندما رأت أباها مقبلا من بعيد. أصابها ذعر شديد من أن يكون غاضباً منها فأسرعت بالاختباء داخل المنزل. لكن أباها أسرع إليها قائلا: “عزيزتي سمبقواير، لقد وجدتِ أماً رائعة لك … تحبك وتفهمك، أحبك صغيرتي وأنا فخور بك”. اتفق الجميع على أن تظل سمبقواير مع عمتها طالما أرادت ذلك.


Far hennar vitja henne kvar dag. Etter kvart kom han med Anita. Ho rakk handa til Simbegwire. «Eg er veldig lei meg, vesla, eg tok feil», gret ho. «Vil du la meg prøva igjen?» Simbegwire såg på far sin og den bekymra mina hans. Då gjekk ho bort til Anita og la langsamt armane rundt henne.

كان أبوها يزورها كل يوم. وأخيرا اصطحب معه أنيتا إلى منزل أخته. أمسكت أنيتا بيد سمبقواير هذه المرة وقالت باكية: “سامحيني صغيرتي، لقد أخطأت في حقك، هلا منحتني فرصة أخرى؟” نظرت سمبقواير إلى أبيها فرأت قلقا يعلو وجهه. فتقدمت ببطء نحو أنيتا وأحاطتها بذراعيها.


Neste veke bad Anita Simbegwire, saman med fetrane, kusinene og tanta, heim til seg på eit måltid. For ein fest! Anita laga alle yndlingsrettane til Simbegwire, og alle åt til dei vart gode og mette. Deretter leikte borna medan dei vaksne snakka. Simbegwire følte seg glad og modig. Ho bestemte at snart, veldig snart, skulle ho flytta heim og bu med far sin og stemor si.

ومن الغد، دعت أنيتا سمبقواير وعمتها وأبناء عمتها إلى وجبة غذاء بمنزلها. كانت مأدبةً رائعةً، إذ أن أنيتا أعدت كل الأطباق التي تحبها سمبقواير. أكل الجميع حد التخمة وانغمس الأطفال في اللعب بينما انصرف الكبار يتجاذبون أطراف الحديث. شعرت سمبقواير بالفرح وبالشجاعة وقررت أن تعود قريبا جدا للعيش مع أبيها وزوجة أبيها في منزل العائلة


كُتِب بواسطة: Rukia Nantale
رسمة بواسطة: Benjamin Mitchley
بترجمة: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
قرأه: Kristofer Olai Ravn Stavseng
لغة: النرويجية (نينوشك)
مستوى: المستوى 5
المصدر: Simbegwire از القصص الأفريقية القصيرة
رخصة المشاع الإبداعي
تحت مجوز المشاع الإبداعي نَسب المُصنَّف 3.0 دولي کریتز کامنز به نشر رسید.
بیشتر بخوانید سطح 5 داستان ها:
خيارات
العودة لقائمة القصص تحميل بصيغة PDF