Nozibele og dei tre hårstråa

For lenge, lenge sidan gjekk tre jenter ut for å samla ved.

1

Det var ein varm dag, så dei gjekk ned til elva for å symja. Dei leikte og plaska og sumde i vatnet.

2

Plutseleg merka dei at det var vorte seint. Dei skunda seg tilbake til landsbyen.

3

Då dei var nesten heime, la Nozibele handa på halsen. Ho hadde gløymt halsbandet! "Ver så snill å dra tilbake saman med meg!" trygla ho veninnene sine. Men veninnene hennar sa at det var for seint.

4

Så Nozibele gjekk tilbake til elva åleine. Ho fann halsbandet og skunda seg heim. Men ho gjekk seg vill i mørket.

5

I det fjerne såg ho lys som kom frå ei hytte. Ho sprang mot hytta og banka på døra.

6

Så forundra ho vart då det var ein hund som opna døra og sa: "Kva er det du vil?" "Eg har gått meg vill og treng ein stad å sova", sa Nozibele. "Kom inn, elles bit eg deg!" sa hunden. Så Nozibele gjekk inn.

7

Då sa hunden: "Lag mat til meg!" "Men eg har aldri laga mat til ein hund før", svara ho. "Lag mat, elles bit eg deg!" sa hunden. Så Nozibele laga litt mat til hunden.

8

Då sa hunden: "Rei opp senga for meg!" Nozibele svara: "Eg har aldri reidd opp senga for ein hund." "Rei opp senga, elles bit eg deg!" sa hunden. Så Nozibele reidde opp senga.

9

Kvar dag måtte ho laga mat og feia og gjera reint for hunden. Så ein dag sa hunden: "Nozibele, i dag må eg vitja nokre vener. Fei huset, lag mat og gjer reint før eg kjem tilbake."

10

Så snart hunden var dregen, tok Nozibele tre hårstrå frå hovudet sitt. Ho la eitt hårstrå under senga, eitt bak døra, og eitt i innhegninga. Så sprang ho heim så fort ho orka.

11

Då hunden kom tilbake, leitte han etter Nozibele. "Nozibele, kor er du?" ropte han. "Eg er her, under senga", sa det første hårstrået. "Eg er her, bak døra", sa det andre hårstrået. "Eg er her, i innhegninga", sa det tredje hårstrået.

12

Då skjønte hunden at Nozibele hadde lurt han. Så han sprang og sprang heile vegen til landsbyen. Men der venta brørne til Nozibele med store kjeppar. Hunden snudde seg og sprang bort, og han har ikkje vorte sett sidan.

13

Nozibele og dei tre hårstråa

Tekst: Tessa Welch
Illustrasjonar: Wiehan de Jager
Omsetjing: Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand
Språk: nynorsk

This story is brought to you by the Global African Storybook Project, an effort to translate the stories of the African Storybook Project into all the languages of the world.

You can view the original story on the ASP website here

Global ASP logo

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 3.0 Unported License.